Lokal | 12. juli 2012

– Fantastiske turar

Paintball, juv-vandring, klatring, RIB over Bjørnafjorden. Ungdommar på MOT-tur fekk prøvd seg.

Medan Vidar Øvredal sto i Ribben og sikra, klatra ungdommane opp den stupbratte veggen (foto: MOT)
Andris Hamretorsdag 12. juli 2012 10:12

Bildeserie:

Det tok ikkje mange minutta før ungdommane fekk taket på det (Foto: MOT)
Øygarden - zip-line (Foto: MOT)
Øygarden - klippevandring (Foto: MOT)
Øygarden - juvklatring (Foto: MOT)
Øygarden - paintball (Foto: MOT)
Øygarden - paintball (Foto: MOT)
Nøgde ungdommar i Øygarden (Foto: MOT)
Vidar Øvredal gjev instruksjonar på Vinnes (Foto: MOT)
Før det var å koma seg i kajakkane (Foto: MOT)
og ut på fjorden (Foto: MOT)
Det tok ikkje mange minutta før ungdommane fekk taket på det (Foto: MOT)
Øygarden - zip-line (Foto: MOT)
1 av 10
Øygarden - zip-line (Foto: MOT)
Øygarden - klippevandring (Foto: MOT)
Øygarden - juvklatring (Foto: MOT)
Øygarden - paintball (Foto: MOT)
Øygarden - paintball (Foto: MOT)
Nøgde ungdommar i Øygarden (Foto: MOT)
Vidar Øvredal gjev instruksjonar på Vinnes (Foto: MOT)
Før det var å koma seg i kajakkane (Foto: MOT)
og ut på fjorden (Foto: MOT)
Det tok ikkje mange minutta før ungdommane fekk taket på det (Foto: MOT)

Første veka etter skuleslutt kvart år arrangerer MOT turar for ungdom i kommunen.

- Vi har dei siste åra hatt ein tur til Øygarden for ungdommar på ungdomsskulen med overnatting og eit par dagsturar til Vinnes, fortel MOT-koordinator Ellen Merete Lyssand.

På turane har ungdommane fått testa ting dei truleg aldri har freista før.

To netter i lavvo

Ungdomsskuleelevane reiste, nær sagt tradisjonen tru, til Klyva i Øygarden med overnatting og aktiviteter.

- Dei driv ein camp for teambuilding og skuleklasser.

- Der budde vi i lavvo og fekk prøve både juv-vandring, paintball, øksekast og Zip-line.

- Eg trur det var mange som fekk teste grensane sine, men det var ein fantastisk gjeng å reise på tur saman med, fortel Lyssand om dei 15 elevane ho hadde med seg.

Klatra frå båt

For sjuende klassingane arrangerte MOT to dagsturar til Vinnes i regi av Vidar Øvredal.

- Vidar hadde eit kjempeopplegg som vi heilt sikkert kjem til å nytta oss meir utav.

- Han henta oss i ein RIB på Os før vi suste over Bjørnefjorden til Vinnesholmen kor kajakkar og meir til låg klare.

- Etter ein kort instruksjon frå Vidar var det berre å koma seg utpå fjorden og testa nyerverva kunnskap, smiler Lyssand.

Høgdepunkt på turen var truleg då han tok med seg ungdommane bort til ein loddrett vegg ned i fjorden kor ungdommane fekk klatra medan Vidar sto i båten og sikra dei.

Les òg: Action i Øygarden (frå MOT-turen i fjor)

- Det var utruleg tøft.

- Ein og ein fekk ungdommane på seg sele og klatra oppover veggen medan dei andre låg rundt i kajakkane og venta på tur, avsluttar Lyssand med eit stort smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.