Får 100.000 kroner
Osfest får 100.000 kroner i støtte frå formannskapet frå KulturUtviklingsProgram-midla (KUP-midla). Her er oversikta over mottakarane.

Formannskapet har nær gjort det til ei vane å stetta festivalane i Os med 100.000 kroner. Då dei tysdag handsama siste tildeling av KUP-midlane låg det 300.000 kroner i potten. Ei arbeidsgruppe med Terje Søviknes (Frp), Marie Lunde Bruarøy (H) og Lars Atle Skorpen (Ap) gav ei innstilling til formannskapet.
Osfest, som blei lansert i august, med Ole Reinart Berg-Olsen og Tor Erik Hylland i spissen fekk med seg 1/3-del av summen i oppstartsmidlar.
– I drøftingane i arbeidsutvalget har vi tenkt prosjekt som har ein utviklingsprofil i seg. Støtte prosjekt som kan skapa noko nytt.
– I høve driftstilskot har vi sett på kor mange fevnar det. På utstyrssida noko av det same, flest mogleg få nytte av midla, og då spesielt barn og unge, forklarte ordførar Terje Søviknes (Frp).
Uro over golfballar
Størst diskusjon blei det kring søknaden for Bjørnefjorden golfklubb si kort holsbane, kor naboar til anlegget har uttrykt uro over risikoen med golfballar på avveie.
– Eg tenker at dette er noko som ikkje høyrer til i ei sak om tildeling av midlar, men foreslår samstundes at vi ber administrasjonen om å invitera båe partane til eit møte kor dei kan diskutera problemstillinga.
– Kommunen må kunne ta på seg ei fasilitatorrolle i høve dette, meinte Terje Søviknes (Frp), som fekk støtte frå Lars Atle Skorpen (Ap).
– Vi må forutsetje at dei som søkjer har ting i orden i høve lovar og reglar etter til dømes plan- og bygningslova. Eg støtter ordføraren i at vi kan fasilitere eit møte mellom partane.
Her er resten av tildelinga:
Driftstilskot/prosjekt:
Familiekoret ShubaDups - Jubileumsmusikalen Gabrielle: kr 10.000,-
Lisa Nøttseter - Studio Gateplan: kr 5000,-
Os og Kuventræ Skulekorps - Jorda rundt på 80 min: kr 20.000,-
Os Svømmeklubb - prosjekt ungdom, mot frafall: kr 15.000,-
Utstyr/anlegg:
Os Turlag - benkar o.l.: kr 25.000,-
Bjørnefjorden Golfklubb - Korthullsbane, nærgolf: kr 40.000,-
FAU Nore Neset Skule - utendørs treningspark: kr 45.000,-
Kurs/oppstartsmidlar:
Os Rockeklubb - Rockeskule: kr 40.000,-
Totalt: kr 300.000,-