Får 1,4 millionar i momskompensasjon
Idrettslaga i Os får frå 6.041 til 380.744 kroner igjen i momskompensasjon frå staten.
Det blir ein rekordstor utbetaling til idretten etter at Lotteri- og stiftelsestilsynet onsdag offentleggjorde tildeling av kompensasjon for vare- og tenestemoms. Totalt i Noreg får 5521 idrettslag utbetalt tilsaman 353 millionar kroner.
– Vare- og tenestemomskompensasjon er blant dei viktigaste ordningane når det gjeld rammevilkåra for idrettslaga, og som sørgjer for at idrettslaga ikkje må betala avgift på frivillig arbeid. Det er ein enkel og ubyråkratisk ordning som gir sårt tiltrengte kroner i klubbkassane, seier idrettspresident Tom Tvedt.
Omlag som i fjor
For idrettslaga i Os sin del er utbetalinga i år totalt sett omlag på sama nivå som i fjor. I fjor fekk klubbane tilsaman 1.486.893, i år er totalsummen 1.476.382.
Så mykje får kvar av klubbane som har søkt tilbake:
- Bjørnefjorden Golfklubb - 229.532
- Cykle-klubben Henie - 7.568
- I.L. Øyglimt - 14.718
- Jadakameratene IL - 6.041
- Lysefjorden Ride og Kjøreklubb - 9.378
- Lysekloster Idrettslag - 361.171
- Moldegaard Ryttersportsklubb - 14.409
- Nore Neset Idrettslag - 147.284
- Os Aero Klubb - 72.766
- Os Biljard og Snookerklubb - 9.440
- Os Dykkeklubb - 10.922
- Os Kobudokan Karateklubb - 11.373
- Os Orienteringsklubb - 7.564
- Os Roklubb - 26.986
- Os Seilforening - 27.900
- Os Svømmeklubb - 16.446
- Os Tae Kwon-Do Klubb - 11.990
- Os Turnforening - 380.744
- Søfteland TIL - 55.544
- Søre Neset Idrettslag - 54.606
TOTALT TIL KLUBBER I OS: 1.476.382
Utbetalingane av momskompensasjonen kjem etter planen i veke 51.