Lokal | 21. mars 2017

Får 250 000 frå kommunen

Osfest får 250 000 kroner frå kommunen. Det blei klart etter formannskapsmøtet tysdag.

Får 250 000 frå kommunen
Festivalsjef Tor Egil Hylland var i formannskapet tysdag for å svara på spørsmål politikarane hadde (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. mars 2017 13:36

Som Midtsiden skreiv om i forrige veke søkte Osfest kommunen om støtte på 500 000 kroner til årets festival. Tysdag blei det klart at festivalen får nøyaktig det halve i kommunal støtte etter at ordførar Marie Bruarøy (H) gjorde framlegg om å auka tilskotet frå dei 200 000 som administrasjonen hadde foreslått, til 250 000 kroner.

– Det er flott at Osfest har vald å gjera ein anna vri på festivalen i år. Det gjekk ikkje som dei hadde håpt i 2016, eg trur dei treff litt betre med denne lineupen, enn det dei gjorde i fjor.

– Vi i posisjonen er positive til at Osfest forblir, og at det blir i sentrum. Det er viktig for liv på Øyro. Difor har vi eit alternativ framlegg der vi foreslår at formannskapet løyver 250 000 kroner frå disposisjonsfondet, fortalde Bruarøy.

Heller årleg søknad

Bruarøy forklarte at grunnen til at dei i fjor støtta festivalen med ein høgre sum (500 000 kr, journ.mrk) var barnearrangementet med Marcus og Martinus-konserten på dagtid.

– Med bakgrunn i dette og at festivalen er kutta med ein dag, er det ikkje like høgt. Som eg også har sagt ved dei tidlegare tildelingane så håper vi at festivalen etterkvart kan stå på eigne bein. Vi kan ikkje binda oss i ei langsiktig avtale med ein fast årleg sum, men vil eller sjå ein årleg søknad, forklarte Bruarøy.

Vigsel stoppa barnekonsert

Kommunalsjef Lisbeth Axelsen forklarte at grunnen til at det ikkje skjer noko på festivalen laurdag formiddag er at festivalen bytta dato og at det då allereie var avtalt vigsel i kyrkja.

Festivalsjef Tor Egil Hylland, som var invitert til formannskapsmøtet for å svara på spørsmål, supplerte.

– Det vår feil at vi kolliderer. Vi ville ikkje øydelegga for Robbie Williams, som speler i Bergen helga før. Vi har hatt lyst til å laga noko for born og har vore i snakk med Oseana, slik vi hadde det dei første åra, men også der er det visst bryllup.

Vil ikkje gje feile tal

Nils-Anders Nøttseter (MDG) var positiv til festivalen, men etterlyste rekneskapen for 2016.

– Det er veldig positivt at festivalen no synleggjer administrasjon og kompensasjon for tapt løn i budsjettet og at kommunen har rydda opp og involvert kulturavdelinga i sakshandsaminga.

– Eg skjønner at rekneskapen for 2016 ikkje er endeleg ferdig, men finn det vanskeleg å tildela nye midlar før ein har sett kor dei store pengane ein har løyvd tidlegare har tatt vegen, forklarte Nøttseter.

– Vi har hatt store utfordringar etter 2016 og det har blitt mykje å gjera på meg aleine med å ta kontakt med alle kreditorar og leverandørar for å få til avtaler om restgjelda. Alle bilag og ting er no på plass og ligg hos rekneskapsførar før det blir sendt til revisor. Dette er første året vi er revisorpliktige. Eg føler meg komfortabel med at det er fagfolk som gjer dette. Det går ikkje å få fram eit foreløpig rekneskap som er godt nok i år, men vi kan sjå korleis vi kan gjera det til neste år. Eg har ikkje lyst å legga fram eit internt arbeidsnotat, slik som det blei gjort i fjor, svara Hylland.

– Det er store beløp sett i samanheng med kva som delast ut til resten av kulturen i Os. Ser du for deg å ettersenda rekneskapen, undra Nøttseter.

– Sjølvsagt. Osfest er eit AS som følgjer aksjeloven. Etter at fristene er det offentleg for alle på nettet. Eg har lyst til at det skal gå offentleg ut når det er godkjent av revisor og generalforsamlinga. Talla må i allefall vera rett, poengterte Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.