Får 38 i odds
Kva plass trur du Betsafe tippar at Os landar på i 2. divisjon i 2010?


- Os bør klara å etablera seg i denne divisjonen. Dei viste stor styrke ved å gjera opphaldet i 3. divisjon kortast mogleg og beviste at det er i 2. divisjon dei høyrer heime, seier oddssetjar Bjarthe Westerheim i speleselskapet Betsafe.com.
Betsafe tippar Os på ein 10. plass i sin 2. divisjonsserie, der Notodden blir rekna som den store favoritten. Dei trur også at Fana rykker ned.
Fem i toppen
Fem lag er venta å kjempa i toppen av Os si avdeling.
- Denne 2. divisjonsgruppa kjem til å bli svært jamn, med fleire sterke potensielle topplag. Men Notodden er ein naturleg favoritt. Dei har gode ressursar og mange gode spelarar på dette nivået.
Betsafe tilbyr berre 3,25 i vinnarodds på Notodden, medan dei reknar kvartetten Manglerud Star (4,20 i vinnerodds), Asker (5,30 i vinnerodds), Bærum (6 i vinnerodds) og Åsane (7 i vinnerodds).
Midt på Hordalands-treet
Betsafe trur Os kjem til å gjera det betre enn både Nest Sotra og Fana neste år, men tippar Stord og Åsane høgare oppe på lista.
Åsane hamna på 4. plass i år, Stord på 8. plass, Nest Sotra på 10. og Fana på 11. Fyllingen rykte som kjent ned etter at dei hamna på 12. plass. Dei møter Os 2 neste år.
Vinnarodds 2. divisjon avdeling 1 frå Betsafe.com
Notodden 3,25
Manglerud Star 4,20
Asker 5,30
Bærum 6,00
Åsane 7,00
Stabæk 2 14,00
Vålerenga 2 25,00
Kjelsås 27,00
Stord 35,00
Os 38,00
Nest Sotra 40,00
Fana IL 45,00
Frigg 45,00
Førde 50,00
Slik tippa Betsafe, før sesongstart, at Os si 3. divisjonsavdeling i 2009 kom til å gå.
(Plass etter endt sesong i parantes)
1.Hovding 2,50 (10)
2. Os 3,00 (1)
3. Voss 7,00 (5)
4. Tertnes 8,00 (2)
5. Løv-Ham2 8,00 (4)
6. Lyngbø 15,00 (3)
7. Trio 15,00 (12)
8. Nordheimsund 15,00 (6)
9. Nordhordland 20,00 (8)
10. Odda 20,00 (9)
11. Djerv 20,00 (11)
12. Bjarg 25,00 (7)