Kultur | 07. mars 2011

Får 50 nye utstillarar

Helg etter helg med fest i Os: Marknadsdagane blir i år flytta til ny dato, og får selskap av rundt 50 europeiske utstillarar.

Får 50 nye utstillarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. mars 2011 12:37

Marknadsdagane har i mange år vore eit fast innslag med livlege dagar den siste langhelga i juni. Dei siste 12 åra har dagane blitt supplert med Osøren Blues & Jazzfestival og annakvart år, Skulptursymposiet, som også blir arrangert i år.

2011 blir det dessutan endå meir som skjer i Os sentrum, 17. juni startar opningsfesten til Oseana, som blant anna innheld folkeoperaen Havfest.

No har Os Sentrum, som sentrumsforeininga no kallar seg, både endra dato for marknadsdagane og sørgja for at utstillinga desse torgdagane blir endå større enn før.

- Vi får selskap av European Market, eit koordinert opplegg med rundt 50 utstillarar med kvalitetsvarer, mange av dei innan mat og drikke, fortel leiar i Os Sentrum, Renate Iversen.

- Det blir 130 meter med bodar. Desse kjem i tillegg til utstilling av eksisterande butikkar, så det få ledige plassar utanom desse, legg ho til.

Her kan du lesa meir om European Market (ekstern lenkje)

Marknadsdagane blir i år éi helg seinare enn vanleg, helga etter Osøren Blues & Jazzfestival, to veker etter opninga av Oseana.

- Havfest og Oseana fortener både full merksemd og ledig parkering, så det er flott at dei opnar åleine, blues- og jazzfestivalen sørgjer for at ein del folk stikk heim i 17-tida for å førebu seg på konsert, og derfor går frå marknaden to timar før den stenger torsdag og fredag, forklarar Iversen om datoskiftet.

Samstundes blir marknadsdagane utvida frå tre til fem dagar, European Market opnar onsdag og har ope til og med søndag, medan dei lokale utstillarane pakkar opp og ned torsdag og laurdag som vanleg.

Tivoli kjem til både vårslepp og marknadsdagar, Tour for Kids, som samla fleire hundre i sentrum under vårsleppet i fjor, kjem tilbake til Os midt i juli.

Sommaren i Os 2011
- her er nokre datoar du bør merka deg:

Laurdag 21. mai: Vårslepp
- tivoli, hoppeslott, konsert på Irish Cat med meir

Fredag 17. juni: Oseana opningsfest
- starten på 10 dagar med opningsfest i det nye kunst- og kultursenter

Torsdag 23. juni/fredag 24. juni: Osøren Blues & Jazzfestival
- etablert festival med tett program, dag og kveld, gjennom helga

Søndag 26. juni: Opning av Skulptursymposiet i Os
- i år er det også symposium, med fleire internasjonale kunstnarar i aktivitet i Os fram til 9. juli

Onsdag 29.6 - søndag 3.7: European Market + marknadsdagane
- fem dagar med tivoli og torghandel

Fredag 15. juli: Tour of Norway for kids
- sykkel-sirkuset er tilbake!

Fredag 15. og laurdag 16. juli: Søfteland Rock N LoL
- Med blant anna Ida Maria og Kråkesølv på plakaten

Laurdag 13. august: Opning av Kystsogevekene
- i år med hovudopninga i Os

Laurdag 27. august: Bondens Dag
- torghandel med kortreist mat - aktiviteter for ungar på Kyrkjeflaten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.