Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) la i dag fram «Kommuneøkonomiproposisjonen 2015». Det var venta at statsråden ville presentera eit eige vekstkommunetilskot i samband med framlegginga.
Ordførar Terje Søviknes (Frp) presenterte i eit møte med statsråden tidlegare i vinter fleire forslag til kva han burde gjera for å hjelpa vekstkommunane ytterlegare.
– Eg er veldig glad for at vi fekk gjennomslag, for i allefall, eitt av forslaga vi presenterte.
– Eg hadde jo håpa at departementet også ville gjera noko med telledatoen for tilskotet, men det gjer dei ikkje.
– No er det folketalet per 1. juli året før som er utslagsgjevande. Innbyggarar som flytter til kommunen skal jo ha tenester med ein gong, difor meiner vi at det hadde vore meir riktig å ha 1. januar eller helst 1. juli i budsjettåret som telledato.
– Argumentasjonen vi blir møtt med er eit ønske om forutsigbarheit, noko ein ikkje vil oppnå om tilskotet skal etterbereknast. Eg kan ha forståing for det.
– Vi må vera rimleg nøgd med det vi har fått igjennom, seier Søviknes.
Utgjer 8-10 millioner
Den nye tilskotsordninga trer i kraft frå 2015. Ei berekning basert på 2014-tala syner at Os kommune ville fått veksttilskot for 228 innbyggarar, tilsvarande 13,68 millionar kroner om ordninga hadde tredd i kraft i år.
– Det er omlag 9 millionar meir enn det vi fekk med systemet til den raudgrøne regjeringa.
– Basert på prognosene for åra som kjem, trur eg vi kan rekna med at tilskotet vil ligga på mellom 8 og 10 millionar årleg.
Tilskotet blir gitt til dei kommunene som har ei folkevekst på over 1,7% og er på 60 000 per ny innbygger.
Til renter og avdrag
Sjølv om det no ser ut til at kommuen får eit auka tilskot frå staten, så vil ikkje ordføraren sleppe det heilt laus.
– Aukinga er eit viktig bidrag til at Os kommune kan byggje ut naudsynt sosial infrastruktur som skuler, barnehager og sjukeheim i takt med folkeveksten også i åra som kjem.
– Det er imidlertid viktig å halde igjen på drift. Vekstkommunetilskotet må gå til renter og avdrag på framtidige lånefinansierte investeringar, påpeiker Søviknes.
Ingenting på barnehagar
Eit anna tema ordføraren hadde håpa det skulle koma endring på, og som han også diskuterte med statsråden var finansieringa av barnehageplassar.
– Vi hadde vel håpt på at regjeringa skulle sjå på barnehagefinansieringa og gått tilbake til stykkprisfinansiering som tidlegare.
– Det ser det foreløpig ikkje ut til at dei gjer.
Avsluttar raskare enn venta
Ei anna nyhende som gledar ordføraren er at den kommunale medfinansieringa av sjukehusa opphøyrer frå 1. januar 2015.
– I dag finansierer jo vi 20% av kostnadene når osingar blir lagt inn på sjukehus.
– Dette var noko Frp/H var i mot, så at det blir kutta var venta, men at det kom så fort som allereie i 2015 er gledeleg.
– Eg hadde rekna med det ville koma i samband med evalueringa av ordninga som skal koma i 2016.
– Dette viser berre at vi har fått ei handlekraftig regjering, avsluttar ordførar Terje Søviknes.