Lokal | 31. jan. 2014

– Får asfalt i neste veke

Delar av Brugata, som i fleire år har vore prega av veldig dårleg dekke, skal no fiksast.

– Får asfalt i neste veke
Deler av Brugata har store, djupe hol. Men no skal vegen endeleg fiksast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. jan. 2014 10:04

Store hol og dammar har dei siste åra prega Brugata mellom Posten og DNB.

Både i 2011 og 2012 sa Os kommune at dei ville fiksa vegen.

Les òg: Kommunen på hogget

Men i staden blei det eit brev hausten 2013.

– Denne delen av Brugata er privat, Joa gruppen og fondet BBEI, som eig Handlegården og bankbygga, har ansvar for denne plassen, seier teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer.

I oktober sendte Os kommune brev til huseigarane med oppmoding om at dei, som eigarar i sentrum, fiksa det dårlege dekket.

Ny asfalt neste veke

Terje Haugan frå Bergen Eiendomsrådgiving er ikkje lenger representant for fondet BBEI invest, men Oddvar Onstad, eom er engasjert som driftssjef, har no tatt tak i oppgåva.

– Eg har ikkje fått diskutert saka med Joa Gruppen, men eg trur nok dei er med på spleiselaget, seier Onstad, som allereie har bestilt folk til å ta jobben.

– Dei skulle faktisk vore her denne veka, men det er utsett til tysdag eller onsdag i neste veke, fortel han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.