Får bygga i fred
Eit skjorepar har funne seg ein heim med mykje lys og mykje varme. BKK har ikkje planar om å fjerna reiret.
På Røttingen, nær snuplassen ytst på øya, har eit skjorepar slått seg ned i toppen av ein lyktestolpe.
Mellom eit virvar av leidningar ruvar den store klynga av greiner og kvistar, og skjorefamilien ligg an til å få bygga og bu i fred. I alle fall til ungane har flytta ut.
- Vanlegvis ventar vi med å fjerna reir til dei ikkje lenger er i bruk. Då plukkar vi dei ned, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK Nett AS, Øystein Økland.
- Om vi fjernar det med fugl og ungar så vil det berre vera om det går ut over driftstryggleiken eller ved fare for feil. I dette tilfellet på Røttingen ser det ikkje ut til å vera nokon direkte fare, så vi vil førebels ikkje røra det.