Kultur | 15. apr. 2011

Får du setet ditt?

I dag startar salet av billettar til Oseana-opninga. Men kva med dei som har deltatt i OKK-kampanjen og kjøpt sete eller andel?

Får du setet ditt?
mortennielsenfredag 15. apr. 2011 07:04

Det nærmar seg opning av Oseana og opningsfestival med blant anna folkeoperaen Havfest.

Men kva med dei som slo til og sponsa Oseana, som privatperson eller bedrift, etter at OKK-kampanjen starta 30. juni 2008?

– Vi har ikkje gløymt dei som har deltatt i OKK-kampanjen, seier ordførar og leiar i byggekomiteen, Terje Sølviknes.

– Men vi var litt seine med å senda ut brev til dei det gjeld, så det er nok ein del som førebels ikkje har fått det.

Alle får billettar

OKK står for Os kunst- og kultursenter, og OKK-kampanjen er ein kampanje for å få inn små og mellomstore sponsorar, i tillegg til dei mange store.

– Det viste seg at mange var takksame for å bli invitert til å vera med på spleiselaget, osingar, folk frå nabobygdene og hyttefolk som set pris på mykje av det vi i Os har å by på.

200 personar og bedrifter får i desse dagar tilbod om to billettar til ei valfri Havfest-framsyning. Havfest blir vist fire gongar under opningsfestivalen.

– Kontakt kommunen

Anten du har kjøpt andel for 2000 kroner, fleire andelar eller sete i salen, som kostar 10.000 kroner, får du tilbod om to gratisbillettar.

– Men sponsorane må melda si interesse, ta kontakt med Gunvor Heggland i rådhuset, så får du billettar til den Havfest-framsyninga du vil.

For seint å sponsa?

Om du ikkje har kjøpt andel eller sete kan du framleis slå til. Å kjøpa billett er billigare, men dette er ikkje det einaste sponsorane får.

– Vi legg opp til at desse i Oseana-lauget får både informasjon før andre, høve til å kjøpa billettar før dei blir lagt ut for ordinært sal og gratisbillettar til seinare arrangement, eitt arrangement i året.

I går blei billettane til Vamp-konserten i Oseana lagt ut, i dag starta billettsalet til Havfest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.