Lokal | 20. des. 2012

Får ekstern hjelp

Fleire har vore kritiske til at klage på parkeringsgebyr har blitt behandla av parkeringsvakten sjølv. No har kommunen tatt grep, i alle fall delvis.

Får ekstern hjelp
Os kommune bruker no Kredinor til å behandla klage på parkeringsgebyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. des. 2012 12:57

Den siste tida har Midtsiden mottatt fleire kommentarar frå folk som har vore betenkt til at Os kommune har hatt parkeringsvakten som saksbehandlar i klagesaker som har handla om parkeringsgebyr.

Dei same kommentarane har nådd rådhuset. Sjølv om parkeringsvakten kan faget sitt får dei no eksterne auge til å sjå på klagene.

– Vi har fått kritikk for at vi ikkje har hatt andre til å behandla klagene og har derfor gjort ein avtale med eit eksternt firma som tar seg av behandlinga av klagene, seier leiar for teknisk drift i Os kommune, Marianne Kramer.

Avtalen starta no i desember og dei første klagene er til behandling hos selskapet.

– Vi sender over fakta i saka, og ofte er det nok. Men i enkelte tilfelle er det snakk om bruk av skjønn, og då kan det vera greit at andre auge ser på saka, som ein kvalitetssjekk.

Kommunen har siste ordet

Det er Kredinor som no tar behandlar klager på parkeringsgebyr.

Selskapet er mest kjent for innkreving og inkasso, men har også juridisk kompetanse.

– Dei sender oss innstilling til vedtak, men det er vi som fattar sjølve vedtaket.

Det er med andre ord framleis Os kommune som har siste ordet.

– Om klagar ikkje vedtar gebyret, etter å ha fått negativt svar på klage, er tingretten neste klageinstans.

Ofte enkle saker

Kramer seier klagemengda varierer ein del, og ofte kjem i bolkar.

– Om parkeringsvakten har vore utanfor sentrum, for eksempel i Varåsen, på Søfteland eller i Oshaugen, der det har vore ein del problem med feilparkering, så får vi gjerne litt fleire klager.

– Som oftast er klagen enkel å behandla, folk klager gjerne berre fordi dei var "rett innom" ein butikk, eller liknande.

– Vakten kan ikkje veta kor lenge folk har vore vekke frå bilen, og om den i tillegg ikkje står parkert på ein parkeringsplass så er det liten vits å klaga.

– Har du eksempel på klage som har blitt tatt til følgje?

– Ja, vi hadde blant anna eit tilfelle der vakten hadde notert feil registreringsnummer. Klagar kunne visa til bompengepassering i Bergen samtidig som vi hadde notert at bilen sto feilparkert i Os.

– Her har det rett og slett berre vore ein tastefeil, og sånt kan skje, men ikkje så ofte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.