Får fleire millionar til fylkesveg
Desse fire prosjekta vil Søviknes prioritera etter at det har kome budsjettlekkasje om auka midlar til fylkesvegar.
Ordførar Terje Søviknes (Frp) mottok fredag ein budsjettlekkasje i forkant av at statsbudsjettet blir lagt fram onsdag 8. oktober:
I samferdselsdepartementet sitt budsjettforslag for 2015 vil investeringsramma i rentekompensasjonsordninga for transporttiltak i fylka auka med 50 prosent frå 2 til 3 milliardar kroner.
Lekkasjen blir stadfesta av Søviknes sin partikollega, samferdsleminister Ketil Solvik Olsen.
– Fylkesvegnettet har stort behov for vedlikehald og oppgradering. Regjeringa vil gje større handlingsrom til å framskynda viktige tiltak, seier Solvik Olsen.
For Hordaland betyr det ei auke til 248,4 millionar kroner. Hordaland er, framfor Akershus og Rogaland, det fylket som får mest.
– Vi vil bruka dette høvet til å fremja viktige fylkesvegprosjekt i Os kommune, seier Søviknes.
Han ser i første rekke for seg desse prosjekta:
• Gang/sykkelveg langs Hatvikvegen-Valle bru (er ferdig regulert)
• Gang/sykkelveg og utbetring av fylkesvegen til Hatvik (er under regulering og sentral for utbygginga på Bjånes)
• Fylkesvegarmen frå Åsen/Endelausemarka til Lysefjorden (ferdig regulert og bør byggast ut parallelt med E39 Os-Bergen)
• Fullfinansiering av Lepsøyvegen heilt fram til Lepsøybrua
– Vi får nok ikkje realisert alle ønska våre på éin gong, men vi må vera på ballen no når rammene til fylkesvegbudsjettet blir auka.
Vil ikkje avvikla
Ordninga med nye årlege investeringsrammer blei innført i 2010 i høve forvaltningsreformen, der fylka overtok om lag 17.000 km av det tidlegare riksvegnettet.
– Denne ordninga foreslo dei raudgrønne å avvikla i sitt budsjettforslag for 2014. Den blei derimot vidareført med H/FrP-regjeringa og for 2015 vil vi auka den med 50 prosent, seier Solvik Olsen.
I regjeringa sitt budsjettframlegg for 2015 blir det lagt opp til at orninga blir vidareført med ny investeringsramme.
Regjeringa legg også opp til at fordelinga mellom fylka for nye investeringsrammer skal bli basert 50 prosent på folketal og 50 prosent på veglengde i fylket.