Sport | 09. des. 2015

Får Giske som trenar

Guro og Andrine frå Os får Madeleine Giske som trenar i Fana komande sesong.

Får Giske som trenar
Guro og Andrine i gult, her mot Fana sitt J16-lag i serien i fjor. I år har dei hatt ein god sesong med Fana sitt damelag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. des. 2015 09:52

Tidlegare toppserie- og landslagsspelar Madeleine Giske blir trenar for Fana fotball sitt damelag.

– Eg synest dette er veldig godt nytt. Ho er eit tydeleg forbilde og eg gler meg veldig til å samarbeida med ho, seier Guro Drange Veglo.

– Saman med Trude og Bjørn kjem ho til å danna eit veldig bra trenarteam.

Bjørn Mjelva frå Os var ny i Fana før årets sesong og steppa opp som hovudtrenar då Frode Strømsnes brått gjekk bort. Mjelva held fram som hovudtrenar for Fana og får no Madeleine med som som assistent saman med spelande assistenttrenar Trude Johannessen, som òg var med i årets sesong.

– Skal rykka rett opp igjen

Madeleine Giske var spelande dagleg leiar i IL Sandviken, men har grunna kneskade lagt opp etter årets sesong. Ho held fram som dagleg leiar i Sandviken mens ho trener Fana.

Fana tok 19 poeng meir enn botnlaget, men rykte likevel ned til 3. divisjon i haust.

– Det var ein sesong der alt som kunne gå gale gjekk gale. I tillegg var det nok min svakaste sesong som trenar. Men no blir vi eit veldig bra team, seier Bjørn Mjelva til Midtsiden.

– Vi skal rykka opp igjen på første forsøk, seier Madeleine til Fanaposten.

Prega av Os-jentene

Mjelva seier at spelarane frå Os har gjort god figur.

– Andrine Døsen (16) hadde ein veldig bra start på sesongen. Også avsluttinga blei bra, og med hennar teknikk og fart ser eg eit stort potensiale.

Guro (17) spelte alle kampane i sin første seniorsesong, blei toppskårar og blei kåra til sesongens mest framgangsrike spelar.

– Desse jentene til Os kjem nok til å prega Fana i 2016 òg, spår Mjelva.

Anna Moltubakk (17) frå Os har òg spelt for Fana denne sesongen, og var keeper for Fana 2.

Slo Tottenham

I midten av november var Fana sitt damelag i Tottenham for å trena og spela med det britiske damelaget i byen.

Treninga blei leia av Tottenham sin dametrenar, og gjestane var ikkje meir høflege enn at dei stakk av med sigeren i treningskampen.

– Det var ein jamn kamp og Tottenham var veldig tekniske. Men vi vann 1-0, fortel Guro.

Mjelva er imponert over Fana si satsing på damefotballen.

– Det er fleire som seier dei satsar på damefotball, men i Fana ser vi det i praksis. Her blir det satsa på både topp og på det som kjem bak. Vi får òg med oss tidlegare Os-trenar gjennom mange år, Terje Erstad, som leiar for U-gruppa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.