Får hjelp frå Os
Arne Thuen blir coach for komikar og Golden Goal-programleiar Henrik Elvestad.


Johan Golden og Henrik Elvestad har i TV 2-programmet Golden Goal vore innom mange idrettar. No har Elvestad bestemt seg for å prøva handbak.
- Eg fekk ein epost frå dei for ei stund sidan, der dei lurte på om eg kunne hjelpa dei litt under nordisk meisterskap i oktober, fortel Noregs største handbakutøvar, osingen Arne Thuen.
Henrik Elvestad vil delta i nordisk meisterskap i handbak. Konkurransen går i svenske Eskilstuna 24. oktober, og Arne skal vera coachen hans.
- Han skal ikkje bryta mot deg altså?
- Nei, eg veit ikkje kven han kjem til å møta. Eg veit ikkje kva vektklasse han skal gå i heller, ler Thuen.
Os Handbakklubb kjem til å reisa til nordisk med 10-12 deltakarar. Arne synes berre det er kjekt at han skal bruka tid på førebuingar med komikaren kvelden før konkurransen.
- Det er kjekt med litt merksemd for sporten, handbak er veksande, det såg vi også i Italia i helga som var.
Berre gull er godt nok
Thuen kom skuffa heim med to sølv frå VM i Italia førre helg.
- Det gjekk som i Bulgaria, eg burde ikkje meldt meg på i to klassar. Medan finalemotstandarane kvilte seg før siste kamp gjekk eg innleiande rundar i den andre klassen.
- Han eg tapte for i masterklassen (+ 40 år) hadde eg slått i innleiande. Både han og motstandaren i grand master (+ 50 år) var sterke amerikanarar med fleire VM-gull frå før, men eg burde ha satsa på éin klasse og gull, seier Thuen.
Etter nordisk satsar han for fullt mot VM i Las Vegas neste år.
- Målet er å avslutta karriera med VM-gull i USA, seier 55-åringen.