Lokal | 23. juni 2016

Får ikkje programmera

Elevane som kunne tenkt seg å læra programmering som valfag på ungdomsskulen blir nekta. – UDIR seier nei, forklarar Terje Søviknes (Frp).

Får ikkje programmera
Verken elevane på Nore Neset ungdomsskule eller på Os ungdomsskule får tilbod om koding som valfag neste år (arkivfoto: AH)
Andris Hamretorsdag 23. juni 2016 08:31

I formannskapet i februar stilte Helge Steinum (AP) spørsmål om det var aktuelt for ungdomsskulane i Os å søkje om plass i prøveprosjektet med koding som valfag frå hausten av.

Rådmann Christian Fredrik Fotland svarte positivt og fortalde at dei ville søka.

– Det er to vegar i dette prosjektet, med og utan tilskot. Vi håpar på å å få tilskot, men vi skal greie det utan også, sa Fotland den gongen.

UDIR seier nei

I kommunestyret onsdag etterlyste Steinum status i saka.

– Eg har diverre eit negativt svar på spørsmålet ditt. Det kjem ikkje frå vår organisasjon, verken administrativt eller politisk, innleia ordførar Terje Søviknes (Frp) svaret med.

– Ungdomsskulane var positive. Vi hadde allereie kompetansen på Os ungdomsskule og etterkvart fekk vi den også på Nore Neset ungdomsskule. I søknadspapira såg det ut som ein kunne få vera med også om ein ikkje fekk økonomisk stønad frå UDIR, men slik viser det seg ikkje å vera.

– Vi fekk avslag på søknaden og har etter å ha konferert med fylket også fått veta at det berre er dei skulane som har fått innvilga søknaden som kan starta opp koding som valfag frå hausten av.

Forstår ikkje grunngjevinga

Ordføraren la ikkje skjul på at han hadde problemer med å forstå grunngjevinga for kvifor ein ikkje kan starta opp med koding, om ein tek kostnaden sjølv.

– Eg beklagar på det sterkaste at vi ikkje kan gjera det. Sentralt hold har lagt opp til ein praksis der ein utestenger kommuner som ville gjera dette på eigen økonomi. Eg har ikkje klart å få svar på kvifor. Det einaste eg kan tenkje meg er at dette er eit forsøksprosjekt og at dei vil ha ei følgje forskning på det. Men det er trass alt 53 kommunar og 116 skular som har blitt tatt opp.

– Eg kan difor ikkje forstå kvifor ikkje også dei som vil betala det sjølv kan få vera med. Det er dessverre det svaret eg kan gi, eg beklagar så mykje, avslutta Søviknes, før han la til at han ville ta det opp med politisk mynde i Oslo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.