Lokal | 06. juni 2017

Får ikkje vera med

Fylkeskommunen vil ikkje ha med Os kommune når ferjeproblema rundt Bjørnafjorden skal diskuterast.

Får ikkje vera med
Grunnstøtinga til MF Fosen er berre eit av tilfella som har gitt driftsstans på ferjene rundt Bjørnafjorden (Arkivfoto: AH)
Andris Hamretysdag 06. juni 2017 12:05

Med bakgrunn i den siste tidas uregelmessighet på ferja mellom Hatvik og Venjaneset stilte Tone Hepsøe (Ap) spørsmål om Os kommune har drøfta problemet.

– Det har vore mykje driftsstans over fjorden til Fusa. Er det gitt noko tilbakemelding frå Os kommune, gjerne saman med Fusa kommune på dette, undra Hepsøe.

Gjeld ikkje berre Fusa

Ordførar Marie Bruarøy (H) fortalde at det ikkje berre er Fusaferja som har vore problematisk denne våren. Også sambandet til Austevoll har vore råka av fleire kanselleringar, og både Austevoll og Tysnes er urolege for tilbodet når nye el-ferjer skal settast i drift frå 2018.

– Ordføraren i Austevoll har tatt kontakt med fylkeskommunen og satt hardt mot hardt og ville ha eit møte. Der var det òg naturleg at Fusa og Tysnes blei med, og at Os blei invitert med all den tid to av ferjene går frå Os.

Var ikkje ønskja med

Tilbakemeldinga kommunen fekk, var at Os kommune ikkje var ønskja med på eit slik møte.

– Det var ikkje ønskeleg at Os skulle vera med i møtet med Fylkeskommunen. Det blir tydelegvis separate møter med kommunene det gjeld. Eg er litt overraska, men stiller vi stiller oss sjølvsagt bak den uroa som er i dei andre kommunane, forklarte Bruarøy.

– Kven er det som ikkje ønskjer at Os kommune skal vera med, undra Eirik André Hesthamar (Frp).

– Frå fylkekommunen står det at vi ønskjer ikkje å ha med fleire ordførarar i dette møtet, svara ordføraren og las frå mailkorrespondansen med fylkeskommunen og dei andre kommunane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.