Næringsliv | 15. mai 2017

Får meir enn dobbelt så stor butikk

Rørleggeriet Os held seg i Landboden gjennom sommaren. I september blir det flytting.

Får meir enn dobbelt så stor butikk
Marianne Jansen Rikstad, Irene Særvold Halvorsen og Jan-Erik Særvold trivst i Landboden, men flyttar til større lokale etter sommaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. mai 2017 12:09

Bildeserie:

Med større butikk blir det fleire møblar i utstillinga. (Foto: KVB)
Med større butikk blir det fleire møblar i utstillinga. (Foto: KVB)
I september blir Rørleggeriet nabo med 2Villa. (Foto: KVB)
I september blir Rørleggeriet nabo med 2Villa. (Foto: KVB)
1 av 2
Med større butikk blir det fleire møblar i utstillinga. (Foto: KVB)
I september blir Rørleggeriet nabo med 2Villa. (Foto: KVB)

Rørleggeriet Os, som er 20 år i år, skal flytta til eit over 600 kvadratmeter stort lokale i Os Næringspark.

– Vi har lenge hatt ønske om å utvida butikken, og å få eit meir praktisk lager. Då eit større lokale i næringsparken blei ledig så slo vi til, fortel rørleggarmeister Jan-Erik Særvold.

I dag har dei ein butikk med 120 kvadratmeter salsflate og to lager i nabolokalet ned mot elva, i tillegg til eit eksternt lager. Når dei i september flyttar inn i nytt lokale, vegg i vegg med 2Villa, får dei ein butikk på 270 kvadratmeter, i tillegg til større lager på same plan, fleire kontor og større lunsjrom for dei tilsette.

– Her kan vi både få vist fleire møblar, badekar og dusjar, og rigga til ulike utstillingar av teknisk utstyr, som vaskerom og golvvarme, seier Marianne Rikstad.

– Det er berre tre år sidan vi utvida litt inn i nabolokalet, men det var for lite tilleggsareal til at vi våga å utvida butikken. Utvida utstilling betyr auka lagerbehov, og dette får vi no endeleg plass til.

Trivsel i sentrum sidan 1989

Marianne er gift med Kai Paulsberg, som eig Rørleggeriet saman med Særvold. Ho jobba for rørleggarforretninga til Dan Pedersen før nye eigarar kom inn.

– Vi har likt oss veldig godt i sentrum desse åra, og flyttar heldigvis ikkje så langt. Os Næringspark er òg del av sentrum, og har god fasade mot Byvegen samtidig som vi får fin tilkomst og parkering for kundar, seier Marianne og Irene.

Særvold dreiv rørleggeri i Bergen, som han var medeigar i, då dette selskapet tidleg på 90-talet kjøpte Pedersen si bedrift med Marianne «med på kjøpet».

– Eg hugsar pappa sa «vi får verdas beste butikkdame med på kjøpet», fortel Irene Særvold Halvorsen, som då var tenåring, men som seinare blei kollega med både pappa og Marianne.

To eigarar - ni tilsette

I 1996 selte Særvold seg ut i Bergen i ein transaksjon som gjorde at han overtok eigarskapen på Os. Nytt firma, Rørleggeriet Os AS, blei stifta i januar 1997.

– Eg tilsette Kai Paulsberg, son til ein tidlegare kollega, ein flink og ganske nyutdanna rørleggar som hadde jobba deltid hos oss i Bergen mens han gjekk gymnas, og som seinare tok svenneprøven sin hos oss.

Paulsberg blei dagleg leiar på Os mens Særvold jobba hos Hansa og var passiv eigar. Kai blei medeigar etter eit par år, Særvold kom tilbake til faget i 2009 og dei to eig no kvar sin halvdel av firma.

Rørleggeriet Os har ni tilsette. Av desse er det to i butikken, éin hjelpearbeidar ute i felten, to lærlingar, to rørleggarar og dei to aktive eigarane, som begge er rørleggarmeistrar.

– Vi jobbar som før og held butikken i Landboden open heilt til vi i september er klare med ny, stor butikk i Os Næringspark, seier Marianne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.