Lokal | 15. feb. 2011

Får meir pengar

Dei private barnhagane får meir pengar enn kva administrasjonen hadde i sitt framlegg.

Får meir pengar
Andris Hamretirsdag 15. feb. 2011 10:43

Formannskapet handsama tysdag framlegg til offentleg tilskot til dei private barnehagane. Etter aktiv arbeid frå barnehagane og dei føresette fremja posisjonen (Frp/H) eit forslag om å ta opptrappinga til 100% over to år, i staden for 5 år som staten har lagt opp til.

- Dette betyr at vi legg 8 millionar ekstra i bordet, forklarte ordførar Terje Søviknes då han presenterte framlegget.

Han blei supplert av Espen Aspenes (Frp) som sa at ein då går fra 88% tilskot til 96% tilskot for 2010. Planen legg opp til 100 prosent tilskot frå 2012.

Pengar frå Kuhnletunet
Finansieringa har posisjonen funne ved 2,7 millionar gjennom auka inntekter som følgje av høgare satsar for tilskot til bygging av omsorgsbustader med heildøgnspleie.

Dette skal vera ei ubudsjettert etterbetaling på bustadsprosjektet som Os kommune har realisert før 1. januar 2011.

I tillegg ber dei rådmannen koma tilbake med framlegg for restfinansieringa etter at revidert nasjonalbudsjett er vedtatt.

Forslaget frå posisjonen blei samrøystes vedtatt i formannskapet og skal behandlast i kommunestyret førstkommande veke.

Eit steg i riktig retning
Dei frammøte frå dei private barnehagane tok i mot nyheita om at kommunen no vil legge meir pengar på bordet med eit smil.

- Dette var veldig positivt og eit steg i riktig retning, oppsummerte "aktivistane".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.