Lokal | 05. juni 2012

Får midlar frå kommunen

Formannskapet delte tysdag ut 275.000 kroner til Osøren, Nore Neset Aktivitetshus, boka om Hamnesjefen og pendlarparkering.

Får midlar frå kommunen
Osøren Jazz & Bluesfestival, pendlarparkering og bok om svanefamilien i Oselvo fekk støtte frå formannskapet tysdag (fotomontasje: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 05. juni 2012 13:42

Då kommunestyret vedtok budsjettet for 2012 vedtok dei samstundes at formannskapet skulle få 2,8 millionar kroner som dei kunne dele ut til prosjekt som datt inn gjennom året. På møtet i mars delte dei ut første delen av potten då dei mellomanna vedtok at etablerte festivalar skulle likebehandlast. Søfteland Rock 'n LOL og Filmfestivalen 60 grader Nord fekk då 100 000 kroner kvar.

Kjøper kommunecruise i år òg

Tysdag var søknaden frå Osøren Jazz & Bluesfestival komen og formannskapet beslutta å gje dei sama summen som dei to andre festivalane. I tillegg kjøpte kommunen det tradisjonsrike kommunecruiset med MS Midthordaland førmiddagen laurdag 25. juni. For cruiset betalar kommunen 40 000 kroner.

For dyr underhaldning

Frå Nore Neset Aktivitetshus hadde formannskapet fått søknad om 50 000 kroner til underhaldning i samband med 10-årsjubileum og Nore Neset Dagane.

- Det er eit høgt beløp etter mi vurdering. Eg vil anbefala eit lågare beløp. Vi har ikkje hatt tradisjon for å støtta underhaldning korkje for barn og unge eller vaksne, men vi var tross alt ein bidragyter då aktivitetshuset blei bygg, innleia ordførar Terje Søviknes (Frp).

Han fekk støtte frå permitert varaordførar Marie Bruarøy (H) som var samd i at 50 000 kroner var vel mykje.

- Eg synest 10 000 kroner er ein meir passande sum, kommenterte Bruarøy.

Formannskapet sa seg einige og støtta jubileet med den summen.

Sikrar pendlarparkeringa

Fylkeskommunen har henvendt seg til Os kommune med spørsmål om kommunen kan bidra med 30 000 kroner kvart av dei komande tre åra for leige av parkeringsplassar for pendlarar ved Rema 1000 Kuven. I løpet av dei tre åra tek ein sikte på å etablera ei ny parkering lengre nord i Osdalen. Fylkeskommunen har bevilga 300 000 kroner til reguleringa av denne.

- Eg har berre ein liten kommentar til denne. Fylkeskommunen er oppteken av å hjelpe kommunane rundt Bergen til å legge forholda tilrette.

- Samstundes går det ein diskusjon i Bergensalliansen om kven som skal ta kostnadane.

- Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikken, men er nok litt der at kommunane og staten langs stamvegnettet skal ta ansvaret og kostnadane for pendlarparkeringa.

- Vi må vera litt bevisste framover at det kan koma spørsmål om større spleiselag lengre ut i løpet, åtvara Terje Søviknes.

Kjøper boka om Hamnesjefen

Sølvi Bugge er i ferd med å leggje siste hand på verket om svanefamilien i Oselva.

- Tidlegare har Os kommune kjøpt fleire lokale bøker som er nytta som gåver i ulike høve.

- Eg rår til at formannskapet også støttar boka om Hamnesjefen med 20 000 kroner mot at vi får 75 bøker til gåver ved representasjon, skreiv ordføraren i saksutgreiinga.

Dette fekk han tilslutning til frå resten av medlemmane i formannskapet.

Opprettar Kypros-fond

Midlane formannskapet har til disposisjon kan nyttast både til eksterne aktørar og om tilsette i kommunen kjem med gode idear.

I ei årrekkje har kommunen samarbeida med Vitaltour om trivselsreiser for utviklingshemma til Kypros. I mange tilfelle må brukarane dekke kostnadane for reise og opphald både for seg sjølv og personale brukaren treng ha med seg. I einskilde høve må dei også dekkje meirkostander i høve til løn for personalet.

Tenesta for utviklingshemma ønskja difor å oppretta eit fond som brukarane kan søka tilskot frå og der tilskot blir given etter nærare vurdering.

Formannskapet støtta opprettinga av fondet med 75 000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.