Kultur | 09. aug. 2011

Far og son i Wallehagen

Arne og Vidar Mæland stiller ut lokalt. - Ein treng jo ikkje alltid reisa til by'n, seier Arne Mæland.

Far og son i Wallehagen
Andris Hamretirsdag 09. aug. 2011 07:42

Det er familien Walle i Postvegen som opnar hagen for far og son Mæland og skulpturane deira. Fredag 19. august inviterer Galleri Walle til vernissasje av salsutstillinga "skulptørane" for alle kulturinterreserte osingar.

- Det er litt som med symposiet. Vi gjer det for å ha det gøy og skapa ei lokal happening, forklarar Arne.

- Ein treng jo ikkje reise til byn kvar gong ein skal gjera noko kjekt, legg han til.

Berre éin dag

Utstillinga er å kalla ei ekspressutstilling kor verka står i Wallehagen berre den eine dagen.

- Det som er artig med ei slik utstilling er at ho ikkje krev så mykje førebuing.

- Vi bruker det vi har av verk og set det opp så godt vi kan, forklarar kunstnaren medan han går rundt i Walle-hagen for å sjå på moglege plasseringar.

Eit innblikk i produksjonen

Rune Walle, som står som "teknisk arrangør" av utstillinga saman med Klas Færøvik, har òg klart å overbevisa Mæland om at publikum kan vera interesserte i å høyra korleis ei bronsestatue blir til.

- Ikkje kall det foredrag, kall det heller eit lite innlegg, seier Arne Mæland då Midtsiden.no kjem inn på at han skal seia nokre ord.

- Det er ein meir omfattande prosess en berre å laga ei form og få ein fin figur ut av det, fortel Arne, og seier han ser fram til å stilla ut i Os sentrum.

Vernissasjen finn stad fredag 19. august kl 18.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.