Erik og Gerhard Just Olsen slo til då Wallendahl lokka med 3 for prisen av 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Far og son på svart fredag-handel

Køane sto ut dørene då Amfisenteret køyrde amerikansk kick off på julehandelen.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Det er klart vi må handla når det er sånne tilbod som dette, seier Erik Just Olsen.

Saman med sonen Gerhard var han hos Wallendahl og kjøpte seg litt elektronikk, vaffeljern og stavmiksar til far, drill til son.

– Her får vi tre for prisen av to, så Gerhard kjem billig ifrå det.

Mange sto tidleg opp

Klokka 7 i dag var det brakstart på Amfisenteret.

– Køen sto ut hovuddøra på senteret då vi opna, fortel Fredrik Andresen hos Elkjøp.

Nettbrett til 800 kroner og iPhone 6 til låg pris fekk osingane til å stå tidleg opp i dag.

Også leikebutikken i 2. etasje opplevde kø bortover gangen. Kanskje ikkje rart då dei lokka med 50 prosent avslag på alle varer utanom Lego, som hadde noko lågare rabatt.

– Køen sto som ein labyrint gjennom butikken og fram til kassen i fleire timar etter opning.

Sporty galskap

Lengre bort i gangen hadde begge skobutikkane hatt ein god start på dagen og i kjøkkenutstyrsbutikkane var det folksamt.

Sport1, som hadde både 30, 40 og 50 prosent rabatt, tasta i kassa-apparatet så fort dei kunne.

– No startar køen endeleg inne i butikken, seier innehavar Erik Rosendahl.

Nokre av tilboda varte til klokka 10, andre held fram ut dagen.

– Vi har fleire klubbavtalar, blant anna med Os Fotball og vår eigne handleklubb. Det har gjeve fantastisk handel heile veka, seier Lars Petter Grønvigh hos MX Sport.

– For ikkje å øydelegga kundeklubb-effekten så tar vi ein litt roleg svart fredag, men enkelte varer gir vi nesten vekk, seier han og viser til boblejakkar til litt over tusenlappen og Garmin GPS til 75 prosent rabatt.

Black Friday er i USA fredagen etter thanksgiving, som er ein fridag i Amerika og ein dag der trafikken ofte står i stampe. Uttrykket skal ifølgje Wikipedia ha handla om både finanskrise og julehandel sidan 1800-talet.

 

 

Fleire saker