Lokal | 29. mai 2019

Får økonomisk støtte til digital medverknad

Fylkeskommunen gir 250.000 kroner for at Os effektivt skal lytta, spesielt til grupper som krev spesiell tilrettelegging.

Får økonomisk støtte til digital medverknad
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. mai 2019 08:38

«Sentera i fylket skal utformast slik at dei er attraktive å vere, bu og drive næring i. Sentrumsplanlegging skal innehalde medverknad for å sikre at flest mogeleg får høve til å komme med si meining om utvikling av staden dei bur på (…) Kommunen har et særlig ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging» skriv Os kommune ved planavdelinga i søknaden om stønad.

Os kommune vil blant anna gjennomføra ulike undersøkingar, ha byvandring med semistrukturert intervju og ha samlingar med måltid og diskusjon.

Dei har pensjonistforening, turlag for eldre, sanitetsforening, eldreuniversitet, Nav og fagpersonar innan helse og omsorg som samarbeidspartnarar.

– Det er behov for kjøp av innleigde tenester knytt til digitale verktøy for brukerundersøking, arkitekt/ landskapsarkitektfagleg arbeid og prosjektleiarskap, skreiv Os kommune ved plansjef Tina Sinclair i søknaden frå februar i år.

Hordaland fylkeskommune innvilgde søknaden:

Det er positivt at ein i dette prosjektet utviklar nye metodar for digital medverknad, noko fleire kommunar kan ha nytte av. Eit vilkår for tilskotet er at erfaringane frå prosjektet kan overførast og deles med andre kommunar, skriv dei i svaret.

– Det er med glede vi kan melde at Hordaland fylkeskommune løyver inntil 150.000 kroner til prosjektet frå budsjettet for «Tilskot til utvikling av attraktive senter» og inntil 100.000 kroner til prosjektet frå budsjettet for «Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH)», midlane tas frå unytta fondsmidlar Bjørnafjorden næringsutvikling.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.