Næringsliv | 28. feb. 2011

Får skjenkeskryt

Kontrolløren såg rusa gjester, men skryt av vaktane.

Får skjenkeskryt
Andris Hamremandag 28. feb. 2011 12:48

Laurdag 5. februar kontrollerte skjenkekontrollørar frå Securitas tolv serveringsstadar i Os. Kun Irish Cat fekk merknad, men sjølv den var relativt positiv.

Kontrolløren kom til Irish Cat litt over midtnatt og observerte i løpet av den tida ho var der tre tilfelle av rusa personar, to menn og ei kvinne. Felles for dei tre var at dei alle hadde svømmande auge, snøvlande tale og ustødig gange.

Dei tre var ikkje i følgje med kvarandre, men einskilde episodar.

God kontroll

I det eine tilfelle ba ei vakt den rusa mannen om å forlata lokalet, medan dei to andre tilfella ikkje blei påtala frå vaktane.

Likevel finn kontrolløren grunn til å rosa utestaden for god kontroll.

- Lokalet var meget fullt og skal ha skryt for rotasjonen av vaktane som jamnleg viste seg i hele lokalet. Når eit lokale består av 280 gjestar kan det visast forståing for at ikkje alle detaljar blir lagt merke til. Overraskande god kontroll til å vera så fullt, fleire rusa gjestar blei vist ut, skriv kontrolløren i sin rapport til kommunen.

Dei andre utestadane som blei kontrollert hadde òg alt i orden, sjølv om eit par av dei mangla alkoholfri kvitvin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.