Lokal | 06. feb. 2014

Får statsråd-besøk

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vitjar medlemsmøte i Frp og H for å snakka om E-39 måndag.

Får statsråd-besøk
Ordførar Terje Søviknes, samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og nyvald leiar i Hordaland Frp, Gustav Bahus (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. feb. 2014 14:13

Måndag førstkommande kjem samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på vitjing til Os når Framstegspartiet og Høgre held felles medlemsmøte i Oseana klokka 1730.

– Det er eindel av den måten den nye regjeringa jobbar på.

– Når ministerane er rundt i landet på oppdrag prøver dei å få lagt inn eit møte med lokale partilag på ettermiddag/kvelden, fortel Terje Søviknes (Frp).

Konferanse og befaring

Solvik-Olsen er i Bergen måndag for å delta på ei stor veikonferanse i Bergen.

– Han skal byrja dagen med Avinor på Flesland, før han deltek på konferansen og nokre interne møter.

– Deretter skal vi på eit par timars befaring før vi endar opp i Oseana.

Frå Lindås til Bømlo

Det er ikkje berre Frp/H-medlemmar og sympatisørar i Os som er invitert til møtet med samferdselsministeren.

– Vi har invitert lokallaga frå Lindås og Meland i nord, til Stord og Bømlo i sør.

- Totalt er det invitert lokallag frå 10-12 andre kommunar i Hordaland.

E-39 hovudtema

Hovudtema på det to timar lange møte er naturleg nok utbygginga av E-39.

– Både Svegatjørn-Rådal og Ferjefri blir naturlegvis tema.

– I tillegg har vi invitert ordføraren i Fjell kommune for å snakke om Sotrasambandet.

– Ketil Solvik-Olsen skal også sleppa til med eit foredrag om regjeringa sin nye samferdselspolitikk, avsluttar Terje Søviknes (Frp).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.