Lokal | 28. apr. 2010

Får tilbake namnet

«Søknad» ekspedert i rekordfart: Vegen over Søvikåsen får tilbake namnet «Ole Bulls veg».

Får tilbake namnet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. apr. 2010 10:41


Tysdag blei ei sak om namneskifte på vegen over Søvikåsen handsama.

- Saka har tidlegare vore reist av Christian Brun-Larsen. Den kom opp igjen no under Ole Bull-framsyninga på Lysekloster Barnetun for halvanna veke sidan, der dei hadde lagt vegbygginga inn i framsyninga, fortel ordførar Terje Søviknes.

Tok initiativ
Ole Bull inviiterte i si tid bøndene i Lysefjorden og på Drange til å vera med å bygga vegen. Han skulle også sjølv vera med på å finansiera den.

- Men ting tar tid, det gjorde det også på 1800-talet, og veien sto først ferdig 9 år etter at Ole Bull var død.

Nytt skilt
Då betalte enka, Sarah Bull, inn 300 kroner til prosjektet, som i alt kosta 20.246 kroner. Vegen fekk namnet Ole Bullsvei, og var skilta med namn fram til andre verdskrig.

Under framsyninga på Lysekloster fekk ordføraren overrekt «søknad» frå «Ole Bull» om løyve til å bygga vegen, mot at den fekk hans namn.

I går gjekk søknaden gjennom. No skal det lagast eit passande skilt til vegen over Søvikåsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.