Får universell utforming
Tursti frå Tøsdal til Nordmarka blir tilrettelagt for rullestol og barnevogner, men berre på delar av strekninga.

Os kommune er i ferd med å legga ny vassledning frå Tøsdal til Nordmarka, når dei likevel gjer arbeidet så nyttar dei høve til å legga tilrette for tursti i same traseen.
– Vil heile strekninga få universell utforming, undra Harald Døsen (Ap) i plan- og bygningsutvalet torsdag.
– Delar av strekninga vil få det, men ikkje heile.
– For eit lite stykkje har det ikkje lukkast å få til ei einigheit med grunneigarane, forklarte rådmann Knut Terje Rekve.
Håpar på løysing
Rådmannen er likevel optimistisk i høve til å få til universell utforming på heile strekka.
– Det er rart om vi ikkje kjem til ei løysing over tid.
– Dette er ein positiv sak, om ein får bevegelse i den. Gjer kommunen nokre grep, undra Terje Sperrevik (TvS).
– Turstien blir tilgjengeleg heile vegen, men ikkje for rullestolbrukarar og barnevogner heile vegen, men vi er i dialog med dei fire grunneigarane, så vi får håpa vi klarar å koma til ei løysing.
– Eg trur noko av usikkerheita går på korleis det blir sjåande ut og tilrettelagt, truleg blir denne tvilen fjerna når vi får gjort det første strekket.
– Vi har midla til toppdekke heile vegen og som eg sa så er dialogen der. Det er ikkje slik at situasjonen er fastlåst, forsikra rådmannen.