Får utsett lappen
Øvelseskøyring utan sidemann straffar seg. Ein mann i 20-åra tatt på Søfteland, får truleg seks månadars utsetting.
I 20-tida torsdag kveld heldt politiet trafikk-kontroll i kontrollsona på Søfteland. 25 bilar blei kontrollert i løpet av den timen dei sto der.
- Den einaste som fekk ein reaksjon mot seg var ein mann i 20-åra som køyrde utan gyldig førarkort, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Ikkje berre at han køyrde utan gyldig førerkort, han hadde ikkje førarkort i det heile tatt.
- Han er i ferd med å ta lappen og hadde lånt foreldra sin bil.
- Kor lenge må han no venta på lappen?
- Det kjem an på om han har andre ting på seg, men normalt er det ei utsetjing på seks månadar, fortel Sperrevik.