Lokal | 07. feb. 2017

– Får vesentlege konsekvensar for fugle- og dyrelivet

Ap og MDG vil ikkje oppheva vannskuterforskrifta. – Det vil kunna få vesentlege konsekvensar for fugle- og dyrelivet og skapa eit høgt konfliktnivå, meiner Helge Steinum.

– Får vesentlege konsekvensar for fugle- og dyrelivet
Helge Steinum (Ap) var ikkje samd med Aina Tjosås (bak) og administrasjonen i at det var greitt å oppheva vannskuterforskrifta (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 07. feb. 2017 13:00

I formannskapet tysdag skulle politikarane ta stilling til administrasjonen sitt framlegg til høyringsuttale til oppheving av vannskuterforskrifta. Administrasjonen støtter ei oppheving, og at dette i staden blir regulert gjennom ordinært regelverk og lokale forskrifter.

– Her er vi nok ikkje einige med administrasjonen. Det var ein grunn til at forbodet i si tid kom. Ei oppheving vil skapa for mykje gnisninger mellom dei som skal bruke områda til rekreasjon og dei som vil køyre fort og som bråkar mykje. Det vil også vera skadeleg for dyrelivet vi har i skjergarden vår. Derfor er vi mot ei oppheving, innleia Helge Steinum (Ap).

– 50-metersona gjeld alle

Ståle Skaatun (H) var ikkje samd i Ap sin konkusjon.

– Her er vi einige med administrasjonen. Forskrifta kom nok for ein grunn, men om ein ferdast ein del på sjøen vil ein sjå at det ikkje berre er vannskuterane som må ha restriksjonar. Mellom anna har vi ei 50-metersone frå land kor alle, uavhengig av farkost, skal køyra saktare enn fem knop. Det er noko alle må forhalda seg til. Eg trur det er meir viktig at vi får bruken lovleg, og heller bruker fokus på å ta dei som verkeleg gjer ulovlege ting på sjøen, poengterte Skaatun, som fekk støtte frå Jonn Garvik (Frp).

– Ein vannskuter er eigentleg ein båt. Står det 50 km/t langs vegen, så skal både skutarar og bilar, ja til og med syklistar, køyra i 50. Det ein heller burde sjå på er fleire skilt med sakte fart eller med at ein skal køyre på ein måte som ikkje skaper store bølgjer.

Støy - det største problemet

Steinum held fast med at dei ikkje ville støtta ei oppheving av forskrifta.

– Farten er ein ting, men det er støyen som er problematisk, meinte han.

– Ein eldre påhengsmotor eller båter med store motorar støyer meir enn ein moderne vannskuter, svara Jonn Garvik.

– Men forskjellen er at ein cabincruisar ligg ikkje og køyrer i åtte-tal utanfor ein badeplass. Dei passerer forbi, så er støyen borte. Dei som leikar seg med ein vannskuter held støyen der ei god stund, så det er ikkje samanliknbart, meinte Tone Hepsøe (Ap).

Ikkje fritt fram

Kommunalsjef Aina Tjosås poengterte at det vil ikkje bli fritt fram, sjølv om vannskuterforskrifta blir oppheva.

– Det er ikkje slik at det blir fritt fram. Det ein gjer er at ein hiver det over til kvar einskild kommune kor vi må laga lokal forskrift ut frå lokale forhold. Den må ta opp i seg kor vi skal verna mot støy, kor vi kan tillata høgare fart og liknande. Det vil administrasjonen koma tilbake til om forskrifta blir oppheva, forklarte Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.