Lokal | 16. mai 2009
Fare for regn 17. mai
Strålande sol og lite vind laurdag - så fint blir det dessverre ikkje i morgon.


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. mai 2009 12:53
Etter fleire dagar med sol, aukande temperatur mot helga og gode vêrmeldingar for sundag 17. mai - har det no snudd.
Både Yr og Storm melder regn sundag ettermiddag.
Storm melder 10 gradar og 79 prosent skydekke sundag formiddag, og lett regn om ettermiddagen.
Yr melder 13 til 15 gradar, overskya og lett regn ein periode frå klokka 15-15.30.
Her er vêrmelding for Osøyro - time for time.