Farleg for gamleklubben?
Bjarte Haugsdal skåra i Brann 2 sin 8-0-siger over Baune, og kan bli ein som skal prøva å hindra Os å rykka opp.


Bjarte Haugsdal gjekk frå Os til Brann førre sesong. Etter ein sesongstart med skadar og sjukdom er han no tilbake, som spiss på Brann 2.
Måndag skåra han det første målet i det som blei ein suveren siger over Baune, gamleklubben til Os-trenar Frank Hellevik.
- Du kan bli Os sin motstandar i kamp om opprykk til 2. divisjon, kva tenker du om det?
- Det har eg ikkje tenkt så mykje på enno, først må vi prøva å vinna pulja, seier Bjarte Haugsdal.
Os er allereie klar for kvalifiseringskampar, i naboavdelinga er det jamnare. I kveld spelar Brann 2 mot jumbolaget Sandviken, neste onsdag er det toppkamp mot Austevoll.
Austevoll leiar serien med 41 poeng, eitt poeng meir enn Brann 2, men med éin kamp meir spelt.
- Vinn vi i kveld og borte mot Austevoll så er det nok avgjort, trur Bjarte.
Vadmyra på 3. plass ligg i skrivande stund 5 poeng bak med éin kamp meir.
SJÅ TABELL
Håpar på debut
Samstundes som han håpar på å vinna pulja, har Bjarte ein draum om å få debutera i Tippeligaen i år.
- Eg var på benken både mot Ålesund, Viking, Start og Strømsgodset. Det var spesielt. Mot Strømsgodset var eg også i oppvarming, så eg har vore ganske nær, fortel angrepsspelaren frå Os.