Lokal | 26. mai 2020

Fartskontroll og sjekk av «mc-gjeng»

Halvparten av gjengen hadde vippa opp skiltet sitt.

Fartskontroll og sjekk av «mc-gjeng»
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. mai 2020 07:33

Måndag svingte politiet innom «Lidlbygget» i Ådnadalen, der ein gjeng på motorsyklar hadde samla seg.

– Det var 10-12 syklar på staden. Nokre av dei køyrde på bakhjulet, men det blei ikkje identifisert kven av dei det var, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Motorsyklane blei kontrollerte, og fem av eigarane fekk mangellapp grunna skiltfeil.

– Skiltet var vippa opp, ein typisk feil som truleg blir gjort for at bilar bak ikkje skal kunna lesa kjenningsmerket.

Ein sjette motorsyklist har fått åtvaring før. Han erkjente straffeskyld og vedtok forelegg.

Stoppa fire fartssyndarar på Hegglandsdalsvegen

Litt over klokka 22 i går hadde politiet fartskontroll med laser på Hegglandsdalsvegen.

Dei sto ved barnehagen på Hjelle og stoppa fire som køyrde for fort i 50-sona. Høgaste fart var 67 km/t, som kvalifiserer til 5.500 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Ungar tok seg inn på byggeplass

Måndag ettermiddag fekk politiet melding om ungar som var inne på ein leikeplass. Meldar fortalte at ungane er små, og frykta at dei skulle skada seg.

Ein av dei blei identifisert og foreldre blei kontakta.

Identifisert etter brann på Søfteland

Søndag kveld var det brann i eit bosspann som sto inntil Søfteland barneskule. Bosspannet blei tatt vekk frå husveggen av forbipasserande.

Tre ungdomar blei sett løpande frå staden.

– Ein av dei mistenkte er identifisert. Han høyrer heime i Bergen, og saka blir truleg etterfoska vidare der.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.