Næringsliv | 03. sep. 2014

Fasadeløft hos Fagerthun

– Vi held også på med oppgradering innandørs, seier huseigar Anders Fagerthun, som sjølv står for malararbeidet.

Fasadeløft hos Fagerthun
Etter 13 år med gult går Fagerthun no over i grått. Også innandørs skjer det ting. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. sep. 2014 12:11

Bildeserie:

Anders Fagerthun står for malararbeidet sjølv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Anders Fagerthun står for malararbeidet sjølv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På gateplan kjem ny restaurant, på loftet er det oppussing av kontorlokale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På gateplan kjem ny restaurant, på loftet er det oppussing av kontorlokale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2

Hjørnet med det karakteristiske tårnet på Osøyro endrar i desse dagar farge.

– Det er mange år sidan det har vore grått no. For 13-14 år sidan gjekk vi frå kvitt til gult, no syntest eg det var på tide med ei endring, seier huseigar.

– Vi ville ta denne jobben for to år sidan, men det har vore litt uvisse både i samband med nattklubb-saka som gjekk mange ekstrarundar og med Os kommune sine ambisjonar for heile kvartalet.

Huseigarane avslo i sommar det kommunale eigedomsselskapet Os Bygg og Eigedom sitt bod.

– Førebels er det inga avklaring, vi får sjå kva som skjer i framtida. Uansett var huset no modent for oppussing.

Nesten fullt belegg

Fagerthun-bygget består av tre ulike hus. Den eldste delen, trebygningen der nattklubben Catten held til, blei bygd i 1927.

Bygget der Kleiven og seinare LOL heldt hus kom i 1935. Kleiven eig framleis på baksida, men Fagerthun eig fasaden mot Øyro. I tillegg høyrer lokalet Guris Frisørsalong bruker med.

– Det er 300 kvadratmeter på gateplan. Vi eig tomta òg, seier Fagerthun.

Fleire huseigarar i sentrum er i desse dagar i forhandlingar med Opplysningsvesenets fond, som har gått frå feste til innløysing til både privatpersonar og kommune.

Kjem ny restaurant

I lokalet på gateplan som har stått ubrukt og tildekka den siste tida er det framleis plan om å opna restaurant.

– Dei er i søknadsfasen enno og har eit firma som hjelper til med prosessen, fortel huseigar.

Pussar opp loftet

Det einaste ledige lokalet i huset er i tredje etasje i trebygningen.

– Her er vi nesten ferdige med oppussing. Gips har kome på, men det står igjen noko maling og litt anna arbeid.

– Loftet har eit fint skråtak og tårnet er del av lokalet. Dette kan bli eit spennande kontor, meiner Andres Fagerthun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.