Fått ein flott start
Onsdag slapp han "Agenten". Laurdag var det signering på Osøyro Libris. - Starten har gått over all forventing, seier Fredrik Schmidt Fotland.
Den ferske forfattaren, Fredrik Schmidt Fotland, frå Lysefjorden har lenge bore på draumen om å gje ut eiga bok. Onsdag denne veka kom han endeleg i mål då "Agenten", spenningsromanen med Sven Hope i hovudrolla blei lansert med brask og bram på BarBarista.
- Det blei ein kjempekveld og ei stor oppleving.
- Omlag 300 bøker har blitt rive vekk dei første dagane, strålar forfattaren, som òg er forlagsdirektør på eige forlag.
I ein bokhandlar nær deg
Schmidt Fotland hadde ein plan om å oppsøka dei fleste bokhandlarar i Bergensområdet for å få dei til å ta inn boka.
- Tida har ikkje strukke til, men her hos Osøyro Libris har eg fått god oppbacking og støtte.
- I tillegg har eg fått avtale med tre bokhandlarar i Bergen, men no må eg koma meg ut på vegen for å promotera.
Ei kasse til Volda
Heilt ubemerka har ikkje lanseringa gått. Tidlegare i veka fekk Schmidt Fotland ei bestilling frå Haugen Bok, truleg den bokhandelen i Noreg som er størst på sal via internett.
- Eg sende avgarde ei kasse med bøker til dei i går, så forhåpentlegvis blir det ein enno større distribusjon ved hjelp av dei, smilar Schmidt Fotland.
Klar for litteraturfestival
Laurdag sit forfattaren på Osøyro Libris og signerer, men det er ikkje lenge til han igjen opptrer på den lokale arenaen.
- Eg er så heldig å få vera med på WT Litteraturfestival på Oseana no i November.
- Det gler eg meg stort til, eg må seie eg er imponert over gutane bak festivalen og det dei får til, avsluttar Fredrik Schmidt Fotland.