Fått stopp på Hjelle
Arkeologiske funn har gitt midlertidig stopp for skulebygginga på Hjelle.
I oktober var arkeologar frå fylkeskommunen i sving på den kommande skuletomta på Hjelle.
– Heile området blir sjekka, med unntak av nokre delar av terrenget der det neppe har vore busetnad, som dette tidlegare elveleiet, fortalde arkeolog Lars Bøgenes til Midtsiden medan arbeidet pågjekk. Dei hadde då funne noko slagg, men var ikkje då sikre på kor spennande dei funna var.
Les: Arkeologar i sving på Hjelle
I byrjinga av januar kom tilbakemeldinga frå fylkeskonservatoren kor det kom fram at funna Bøgenes og kollegaene hadde gjort var av interesse.
– Under registreringa vart det påvist to automatisk freda kulturminne, eit aktivitetsområde frå bronsealder og eit aktivitetsområde frå bronsealder-jernalder, skriv konstituert fylkeskonservator David J. Aasen Sandved.
Må vernast for framtida
I brevet kjem det fram at ei to områda må vernast.
– Gjennom reguleringsplanen skal kulturminna sikrast vern for framtida ved hjelp av omsynssoner. Sjølve automatisk freda kulturminna, inkludert 5 meters sikringssone, skal markerast som omsynssone d. For å sikre framtidig vern bør kulturminna leggast i ei større, samanhengande, omsynssone c. Omsynssone c skal kombinerast med andre arealføremål som ikkje er i konflikt med ver, som til dømes friluftsområde.
Kan vera aktuelt å flytta litt på skulen
I plan- og bygningsutvalet torsdag orienterte kommunalsjef Aina Tjosås om ståa.
– Vi har fått ein stopp i høve verneområde så vi må ha eit samarbeid med fylket på korleis vi skal gjera det. Om vi flytter litt på skulen eller tek ei utgraving og får det frigjort, slik som vi gjorde på Lurane gjenstår å sjå.