Favorittar, men ...
Os har størst sjanse til å vinna heimekampen mot Austevoll, men oddssetjar er ikkje like sikker på opprykk.


OBS! Os-Austevoll er framskynda frå kl 15.00 til 14.00 laurdag 31. oktober.
Har tru på heimesiger
Betsafe meiner Os gjeld som favoritt på heimebane til 1,80 i odds – uavgjort gjev 4,60 og ny Austevoll-siger 3,05 i odds.
- Os er sterke heime og naturlege favorittar, men samanlagt er det ikkje sikkert det held, seier oddssetjar Bjarthe Westerheim i speleselskapet Betsafe.com.
50-50 på opprykk
Etter 2-1 siger til Austevoll i det første oppgjeret gjev bookmakarane lik opprykksodds på Os og Austevoll.
- Vi har sett 1,85 i opprykksodds på begge lag. Det er heilt ope mellom to jamngode lag.
- Vi trur Os vinn heime, men det kan fort bli 3-2 og då jublar Austevoll, avsluttar Betsafes oddssetjar.
Reglane er slik at om det står likt samanlagt etter to kampar, tel bortemål dobbelt.
Det betyr at dersom stillinga laurdag blir ...
1-0 så vinn Os (2-2 samanlagt, men Os har bortemål)
2-1 så blir det ekstraomgangar
3-2 så vinn Austevoll (sidan dei då har eitt bortemål meir enn Os)
Vinn Os med to mål eller meir på Kuventræ så er sjølvsagt opprykket sikra.