Februar starta med vintervêr
... i neste veke kan det bli 10 minus!
Etter ein morgon med minusgradar og ein strålande soloppgang over Bjørnafjorden har det byrja å snø i Os i dag, onsdag 1. februar.
Vêret er venta å halda seg stabilt gjennom dagen, med 2-3 varmegradar, litt nedbør og svak vind (2-4 ms).
Frå torsdag til søndag skal det bli litt varmare, 4-6 gradar, med lettskya og sol, ifølgje Yr, menn Storm melder noko nedbør, mest torsdag.
Melder sol og 10 minusgradar
Frå måndag er det meldt sol og lettskya hos både Yr og Storm, men dei to melder svært ulike temperaturar.
Yr melder 5-6 plussgradar måndag til onsdag, Storm melder 5-8 minusgradar frå natt til tysdag, og endå kaldare seinare i veka.
Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, frå Yr og Storm, på Pent.no.
Betre i fjellet
I høgda har det vore vinter nokre dagar, og det har kome etterlengta påfyll med snø hos skidestinasjonane rundt Os og Bergen.
Eikedalen har fått opna Tvillingtrekkene igjen og har kveldskøyring i alle lysløyper fram til det er dagope i helga.