Lokal | 16. des. 2019

Feil på lys, feststøy og fire påkøyrde hjortar

Sånn var helga for politiet i Os.

Feil på lys, feststøy og fire påkøyrde hjortar
Os lensmannskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. des. 2019 09:16

Os lensmannskontor har sendt fulle folk heim, dempa støy ved fleire festar (fram til 8 om morgonen søndag) og fått melding om tre påkøyrde hjortar og observasjon av ein fjerde hjort med ope sår.

I tillegg hadde dei ei utrykking til Solstrand Hotel & Bad, der rundt 15 nakne ungdomar hadde brote seg inn i badeanlegget, men sprang i ulike retningar då vakta dukka opp.

– Vi har foreløpig ingen mistenkte i saka, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Solstrand har tilsette som skal ha kjent igjen nokre av dei, og håper dei sjølv melder seg for å ordna opp etter hærverket dei utførte då dei tok seg opp i utandørsbassenget.

Full mann sat og søv på benk

Klokka 02.41 natt til søndag fekk ein full mann i slutten av 20-åra pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum.

Knappe ti minutt seinare blei ein annan full mann funnen sovande på ein benk. Vedkomande blei køyrd heim av politiet.

Natt til søndag var politiet ute på melding om støy frå fleire private festar. Klokka 00.17 på Søre Neset hadde huseigar lagt seg, og dei andre fekk påleg om å dempa seg.Klokka 04.47 måtte dei i tilsvarande ærend på Halhjem.

– Vi fekk òg melding om støy frå ein fest klokka 08.24. På festen var òg ei mindreårig jente, så vi kontakta foreldra hennar. Det blei funne noko brukarutstyr på adressa, men det var ikkje mistanke om at festdeltakarane var rusa på noko anna enn alkohol, fortel Lyssand.

Manglande lys og for mykje lys

Politiet har i helga stoppa éin bil som mangla baklys, éin som mangla framlys og éin som hadde ulike lys på bilen sin.

I Idrettsvegen stoppa dei ein som køyrde med kurve-/grøftelys i mørket. Vedkomande køyrde ein bil som ikkje var EU-godkjent, så bilen blei avskilta.

– Fredag kveld fekk vi melding frå ein ærleg kar. Han hadde opna døra si så den dunka inn i nabobilen på ein parkeringsplass, og meldte ifrå for å få hjelp til å finna namn på eigar av bilen han hadde skadd så han kunne gjera opp for seg. Det er kjekt å oppleva at folk er ærlege, seier Lyssand.

Fire skadde hjortar

Politiet fekk melding om påkøyrd hjort i Hagavik klokka 05.41 og på Røykenes klokka 07.46 laurdag morgon.

Klokka 14.35 søndag blei ein skadd hjort med ope, blødande sår i foten observert mellom Oselvo og Nordmarka, klokka 19.51 blei ein hjort påkøyrd på Byvegen nær Tøsdalsvegen.

Ingen personar blei skadd, og hjortane sprang vidare ved alle tre påkøyrslane. Viltkontakt er varsla fire gongar i helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.