Sport | 24. mai 2009

Feil sort på kroken

Etter at sjøen blei grøn av alger har det vore livleg med sjøaure i Mobergsvikjo. Men sundag var det ein annan type fisk som beit på kroken.

Feil sort på kroken
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. mai 2009 19:56

Bildeserie:

1 av 3

- Eg har fått slike før, den hamnar på sjøen igjen, seier Stian Fjellanger.

Sundag kveld fekk han nebbsild, eller horngjel, på kroken.

- Eg hugsar eg sløgde ein slik då eg var liten, kjøtet var grønt. Trur det er ein stor jobb i filetera den.

Burde hatt båt
Mobergsvikjo er ein populær fiskeplass for dei som er glade i sjøaure. Vikjo-rekorden til Stian er 1,8 kilo. I går fekk han to små aure, så langt sundag kveld har han måtta nøya seg med nebbsilda.

- Eg har hatt ein på kroken, men eg fekk den ikkje på land. Den står litt langt ute i kveld, vi burde hatt båt og dorga, seier kameraten Anders Størksen.

Tidleg grønt
Dei to hobbyfiskarane meiner sjøen blei tidleg grøn i år.

- Algene kom tidleg. Om det er grønfargen eller molobygginga på tomta til Os kunst- og kultursenter å takka veit vi ikkje, men det har vore liv i auren dei siste dagane, seier Størksen.

Det vakar i Vikjo. Fin fisk på oppunder eit kilo, spår fiskarane. Sjøen er å veg opp og dei har ikkje gjeve opp håper om å landa eit par av rette sort denne kvelden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.