Lokal | 02. nov. 2014

Feil veg i rundkøyringa

Politiet laurdag: Ei kvinne er mistenkt for å køyra bil i rusa tilstand, ein syklist blei angripen av laus hund, og rusa personar blei observert virrande rundt i kontrollsona på Søfteland.

Feil veg i rundkøyringa
Ei kvinne er mistenkt for promillekøyirng etter at ho køyrde feil veg i rundkøyringa i Os sentrum. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandsundag 02. nov. 2014 10:20

Natt til sundag kom politiet i Os over ein bil som køyrde feil veg i rundkjøringa i Os sentrum.

– Vi fekk stoppa bilen og tok med oss bilførar til legevakten for vi mistenkte han for å vera rusa, fortel vakthavande på Os lensmannskontor.

Bilførar, ei kvinne i 20-åra, ville fått eit forenkla forelegg om ho berre hadde køyrd feil. No vil ho i staden bli meldt for promillekøyring og politiet har oppretta sak på hendinga.

Rusa personar i kontrollsona

Rett før klokka fem laurdag fekk politiet inn ei melding der innringar hadde observert fleire personar han oppfatta som rusa i kontrollsona på Søfteland.

– Det stod to vogntog på staden og personane skal ha virra rundt desse.

I ein ny melding til politiet fekk dei no beskjed om at personane gjekk og bar rundt på ein annan rusa person.

– Då vi kom på staden fann vi ingen, berre sjåførane til vogntoga som hadde kviletida si, fortel vakthavande, som seier det er mogleg at det har vore forbipasserande personar eller nokon i ein annan bil.

Angripen av laus hund

Ein ung mann oppførte seg truande mot ein vektar på Amfi Os i sju-tida laurdag kveld.

– Han var ikkje valdeleg men hadde truande oppførsel og vektar vurderer å melda saka.

Ein syklist som var på veg frå Lysefjorden mot Ulven fekk seg ein støkk laurdag kveld då han plutseleg blei angripen av ein laus hund.

– Syklisten blei ikkje skada, men han opplevde hunden som aggressiv.

– Ein laus hund som går langs bilvegen kan vera skummelt for fleire, seier vakthavande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.