Næringsliv | 19. sep. 2012

Feira fem år med mote

– Vi gjorde mange nybyrjarfeil, som å bestilla for 75.000 kroner i same strikkejakkar. Men vi har lært og vi har fått Madam Ane til å bli god butikk, seier Tove Tvedt Skarstein.

Feira fem år med mote
Tove på femårsdagen til Amdam Ane i førre veke. Her med eit av plagga som er kjøpt inn for hausten 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. sep. 2012 09:58

Ho har drive butikk i mange år, og vore innom tekstilbransjen med barneklede i same lokale, men Tove Tvedt Skarstein reknar seg likevel som "heilt grøn" i faget då ho hausten 2007 opna motebutikk for kvinner i Os sentrum.

– Mote og klede har interessert meg lenge, så det var ikkje noko unaturleg at eg opna denne type butikk. Men det å lære seg om sesongar og innkjøpsrutiner, og volum per plagg, tok litt tid, innrømmer ho.

Frå før er det både leike- og hobbybutikk og ein stor jernvare i familien Tvedt sine lokale i førsteetasje på rådhuset.

– Vi måtte læra oss dette med dei viktigaste messene i Købehavn og Oslo, og dei to årlege hovudinnkjøpa, i februar blir det handla til haust og vinter, i august til vår og dei ulike sommarsesongane, forklarar ho.

Enkelte store parti

Utval, storleikar og volum var også noko som måtte lærast, noko av det på den litt harde måten.

– Vi ler enno av ordren på nokre strikkejakkar vi var så begeistra for, rekninga berre på desse jakkane kom på 75.000.

– Vi fekk selt alle, så det var ikkje berre vi som likte dei, men vi var så leie av desse jakkane at vi var letta då dei siste blei selt.

Sender varer per post

Valet på namn på butikken falt på Madam Ane, eit namn som tidlegare har vore brukt på eit diskotek i Os, eit namn som kjem frå ei spesiell og frittalande dame som levde i Os for nokre tiår sidan.

I starten var det både kunst og klede i butikken, men utvalet blei fort spissa på klede for kvinner.

– Vi har prøvd ut mange merke, og skiftar framleis ut nokre av dei, men har med tida funne ein del som mange har som favorittar, men som det ikkje er så mange butikkar som har lenger.

Tove har med seg Mette Overå, som også jobba i lokalet då det var barnekledebutikk der, til å styra avdelinga.

– No har vi kundar i Os og nabokommunane, også i ytre delar av nabokommunane. Og vi har faste kundar frå andre landsdelar, folk som ringer og sender epost for å spørja om vi har det og det plagget i eit bestemt merke som vi har blitt sterke på.

Lang handel

Lokalet til Madam Ane er ikkje så stort, men det er utvalet.

– Folk er forskjellig i smak og storleik, og ein del plagg, som selskapskjolar, vil vi ikkje ha meir enn to av, så folk kan gå på fest utan å treffa nokon som er likt kledd.

Og det tar tid å bla seg gjennom alle blusane til Madam Ane.

– Derfor har vi også kundar som av og til er 2-3 timar i butikken. Vi kan ha damer som kjem med bil eller buss frå Bergen for å bruka dagen på Os. Dei tar seg eit par timar i butikken, så ein tur på kafé, og til slutt tilbake for å handla før dei reiser heim.

Også for unge?

Fleirtalet av kundane til Madam Ane er kvinner frå 40 år og oppover. Samtidig merkar Tove av unge jenter får tidlegare vaksen smak, og eldre vaksne er yngre i stilen.

– Eg hadde ei dame innom på jakt etter kjole til sin eigen 80-årsdag. "Men den må vera sexy" sa ho. Det fortel litt om kor sprek mange av dagens kvinner er i tankemåten.

– Og vi har yngre som er tidleg vaksne i stilen, eller som har sine danske eller italienske favorittmerke, som dei finn her hos oss.

Kler opp koret

Til helga skal Madam Ane ha motevising på Osmessa, og til å gå modell har Tove med seg heile koret ho syng med.

– I går kledde eg opp dirigenten, June Strønen, som er 23 år. Moteshowet blir med modellar i alle aldrar, vi ser veldig fram til dette, seier Tove Tvedt Skarstien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.