Lokal | 26. des. 2009

Feira jul på supplybåt

Inge Sundfjord (19) feira i år jula vekke frå familien for første gong.

Feira jul på supplybåt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 26. des. 2009 09:37

Bildeserie:

1 av 6

Før jul oppfordra Midtsiden.no lesarar som feira jul på ein litt spesiell plass i år, å senda rapport frå feiringa si. Her er ei helsing frå ein som var om bord på ein supplybåt julaftan.

- Eg er matroslærling på supplybåten Skandi Captain, og har i år for første gong i mitt 19 år lange liv feira jul vekke frå familien, skriv Inge Sundfjord i ei helsing til Midtsiden.no.

Han fortel om kjempegod julestemning hos heile mannskapet, som har kost seg om bord i båten medan den låg til kai i Kristiansund.

- Alle har verkeleg gjort sitt beste for at det skulle bli ei fin feiring. Og det blei det, sjølv om vi ikkje fekk feira saman med familiane våre i år, seier Inge.

Han mønstra på 15. desember og blir på jobb til 12. januar, så då blir det også nyttårsfeiring på båt.

Midtsiden.no tar imot helsingar frå julefeiringar heile romjula.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.