Sport | 22. apr. 2017

Feirar i hagl og sol

Os Turlag feirar 30 år med jubileumstur i alt slags vêr over Tøsdal og Borgafjellet.

Feirar i hagl og sol
Glade vandrarar klare for turlaget sin jubileumstur over Tøsdal og Borgafjellet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 22. apr. 2017 12:32

April kan vera lunefull når det gjeld vêret. Rett før Os Turlag sin jubileumstur skulle ta til laurdag klokka 12 kom ei skikkeleg haglbyge over Osøyro.

– Det kan nok vera at det er nokon som trekte seg når dei såg haglbyga, men det er folk ute i løypa allereie, fortalde Arvid Øvreeide, leiar av turlaget, då Midtsiden var innom start og målpunktet på Kyrkjeflaten litt etter klokka 12.

Då hadde byga gitt seg og sola titta såvidt fram gjennom skyene.

Kaffi og kake

Jubileumsarrangementet er eit samarbeid med Os kommune og Frivilligsentralen.

– Vi har 8-10 folk ute i løypa godt synlege med vester frå turlaget om det er nokon som lurar på noko eller som treng hjelp. Vi har òg folk ståande på Tøsdal, slik at folk ikkje tek snarvegen over innmarka.

– Her nede stiller frivilligsentralen opp og opner det gamle kommunehuset når folk kjem innatt frå turen. Der bli det òg servert kaffi og kaker.

Premiering på quiz

Langs turen har laget lagt ut fleire poster med ulike oppgåvar.

– VI har fått mange flotte premier frå mellomanna kommunen og MX Sport. Dette blir trekt ut blant dei som svarar rett på oppgåvene, forklarte Øvreeide i det han ønskja eit nytt følgje god tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.