Feirar med heilaften
Os Vocalis fyller 35 år og inviterer til heilaftens jubileumskonsert.
Damekoret Os Vocalis er som kvinner flest; 29+ og i sin beste alder. Fredag feirar dei at det er 35 år siden dei blei stifta i 1982.
– Det gjer vi med å invitera til jubileumskonsert på Bjørnefjorden Gjestetun. Billettane er allereie i sal, blant anna via facebooksida vår, fortel Rikke Wallace i ei melding til Midtsiden.
Middag og konsert
Når damene først skal feire seg sjølv, gjer dei det med stil.
– Det blir ein heilaften som omfattar både middag og konsert. Dei som har lyst er sjølvsagt hjarteleg velkomen til å bli med på festen etterpå også.
– Konserten har fått tittelen «Chili og diamanter» og rommar heite og heftige, vakre og glitrande songer frå populærmusikken og kjende musikaler. Vi er så heldige at vi har fått med oss den dyktige jazzpianisten Stein Bakke og sjølvsagt vår dyktige dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid, avsluttar Wallace.