Kultur | 24. mars 2010

Feirer på Nore Neset

I år er det 45 år sidan Rune Larsen og Helge Nilsen første gong sto på scenen saman. No blir det feiring med ny Save the Last Dance.

Feirer på Nore Neset
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. mars 2010 09:48

Bildeserie:

1 av 4

Det har til no blitt 30 framsyningar av bygdedansmimrestunda Save the Last Dance. I år, 45 år etter at Rune Larsen og Helge Nilsen sto på scenen saman for første gong, blir det ny runde.

- Det var fullt hus og veldig god stemning sist vi hadde dei her, under Nore Neset Dagane 2008. Årets premiere, som blir halde i Fana, er utselt, vi får dei på besøk laurdag 17. april, fortel Karin Bøyum frå Nore Neset Aktivitetshus.

Tilbake der det starta
Med Save the Last Dance vil dei rutinerte musikarane mot tilbake til gamledagar, ikkje berre i musikken, men geografisk.

- Dette er ei kjærleikserklæring til bygdedansen på 60-talet, for det var på lokalet det starta, på Landro, Steinsland, Eidesjøen, Fjellheim og andre samfunsshus. Om sommaren reiste ikkje folk til by´n på fest, det var på bygdene det skjedde, seier Helge Nilsen.

- Save the Last Dance prøver å gå mot straumen, tilbake til dei som opna dørene for unde, ambisiøse musikarar som ikkje fekk spela på scenane i Bergen.

Frå 16 til 70
Ommusikarane og låtane ikkje er av yngste slaget trur likevel Nilsen at mange unge har utbyte av konserten.

- Denne musikken når fleire generasjonar, dei som opplevde originalane på 60-talet, dei som vaks opp med Lollipop-programma på TV på 90-tallet og dei som veks opp i dag, men som også har sans for gode klassikarar.

- Vi har dessutan med oss representantar for Lollipop-generasjonen, Jannecke Nielsen og Linda Ekeland, to svært dyktige songarar som for tida jobbar med eit CD-prosjekt. De har blant anna Dolly Parton, Shanaia Twain og Abba på repertoaret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.