Lokal | 06. mars 2017

Feirer ti år på Os

I ti år har naprapat Trine Hofsvik Strønen hjelpt pasientar og handballspelarar på Os. – Ho er ein kjemperessurs for oss, skryt Os-trenaren.

Feirer ti år på Os
Trine Hofsvik Strønen feirar tiårsjubileum som naprapat med eigen klinikk på Amfi Os tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 06. mars 2017 13:49

Trine Hofsvik Strønen blei uteksaminert frå Naparathøgskulan i Stockholm i januar 2007. Berre månadar seinare, nærmare bestemt 7. mars, opna ho sin eigen klinikk inst i gangen i 2. etasje på Amfi Os. Ho har med det jubileum i disse dagar.

– Ja no er det ti år sidan den første kunden kom inn døra. Det har vore ti fine og utfordrande år. Eg meiner jo eg har den kjekkaste jobben i verda, både når eg tek imot dei som kjem på klinikken for behandling og når eg er ute i felten, smiler Hofsvik Strønen når Midtsiden stikk innom.

– Ting heng saman

Hofsvik Strønen fortel at naprapati er ei manuell behandling av muskel- og leddplager kor målet er å fjerna eller redusera smerter som til dømes hovudpine, nakkesmerter, vonde kne eller føter.

– Det gjeld både akutte og kroniske smerter. Eg har hatt både niåringar og nittiåringar. Nokre blir bra etter berre éi behandling, andre må få fleire og gjerne òg øvingar dei må gjera heime.

– Som naprapat er eg oppteken av kva som er årsaka til smertene. Problemet treng ikkje ligga der du har vondt. Du har ein kropp og kan ikkje separera ein del frå resten. Ting heng saman. Difor blir det ofte litt detektivarbeid for å finna ut kva som er årsaka, og litt kreativitet for å finna kva øvingar som fungerar for kvar og ein, forklarer ho.

Har hjelpt handballdamene i ni år

Når ho snakkar om å vera ute i felten er Oshallen ein av stadene ho stadig besøker. I ni av dei ti åra etter at ho kom heim, har Hofsvik Strønen vore tilknytta damelaget til Os handball.

– Idrettsrelaterte ting har vore eit interesseområde heilt frå eg gjekk dei fire åra på Naprapathøgskulan. For ni år sidan kom dåverande dametrener Kenneth Husebø og spurde om eg kunne hjelpa litt rundt laget.

– Eg stikk innom dei på trening omlag ein gang i veka for å høyre korleis det går og ta dei småtinga som dukker opp. Fordelen med det opplegget er at vi får tatt tidleg tak i problema og gjerne stoppa det før det blir hemmande for spelarane. I tillegg har eg fått bidratt med å gje dei øvingar og tøyingsøvingar som gjer at dei forebyggjer skader. Spesielt skuldrene er utsette på handballspelarane, fortel naprapaten.

– Gjer ein kjempejobb

Dagens trenar, Trond Førde Eriksen, får ikkje skrytt nok av Hofsvik Strønen.

– Trine gjer ein kjempejobb og betyr ekstremt mykje for oss. Det å ha ei som kjem innom kvar veke og tek tak i småskadene med ein gong er uvurderleg. Det er ikkje alltid like enkelt å få spelarane til å gå på behandling tidleg nok. Gjerne har plagane då blitt så store at dei er sett ut av spel for ei stund, så det å ha Trine som kjem innom på treningane er ein kjemperessurs for Os-damene.

Variasjon er viktig

Sjølv om ho jobbar mykje med idrettsutøvarar, som til dømes sist helg då ho hadde workshop i løpeteknikk for mosjonistar, så ser naprapaten at det er dei same tinga som hjelper også for dei mindre aktive.

– Det er det du gjer kvar dag som har størst innflytelse på korleis du har det anten du er sofagris eller topptrent. Det er gjerne motivasjonen som er litt forskjellig. Når folk kjem til meg så freister eg å gje dei enkle øvelsar dei meistrar og som dei kjenner hjelper. Stikkordet er variasjon. For mykje av ein ting gir større sjanse for at du får problemer, avsluttar Hofsvik Strønen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.