Sport | 22. sep. 2011

Fekk 100 års-syklar

Juniorgruppa i CK Henie veks. No blir dei heidra med to nye syklar frå forbundet.

Fekk 100 års-syklar
Andris Hamretorsdag 22. sep. 2011 09:36

I samband med Noregs Cykleforbund sitt 100 års jubileum tidlegare denne månaden delte dei ut 210 syklar til dei 72 klubbane med størst andel lisensierte ungdomsryttarar mellom 6 og 16 år.

CK Henie på Os fekk to av syklane.

- Rekruttering har vore ei hovudsatsing for oss dei siste åra.

- Det at vi no blir premiert med to av jubileumssyklane er veldig kjekt, fortel Leif Erik Garvik i CK Henie.

Landeveg og offroad

Ungdomsgruppa i klubben utgjer omlag 15 aktive ryttarar som møtast kvar onsdag for å trene.

- Vi har to grupper. Ei for landeveg og ei for offroad, forklarar trenar Helge Sandven då Midtsiden.no møter dei unge syklistane i Kolskogen onsdag ettermiddag.

- Dei to nye syklane gjer at vi no har enda fleire syklar å låne ut til dei som har lyst å vere med.

- Det er ei heilt anna oppleving å køyre med ein konkurransesykkel enn dei vanlege tursyklane ein gjerne har heime, forklarar Sandven før onsdagens treningstur ut i Øyane.

Innetrening heile vinteren

Sjølv om sykkelsesongen no byrjar å mot sluten held dei aktive ungdommane formen vedlike gjennom heile vinteren.

- Frå tysdag etter haustferien startar vi opp med spinningtimer på Sprek og Blid.

- Om det er fleire som har lyst til å vera med er det berre å stille. Anten når vi startar innandørs eller allereie no. Syklar til utlån har vi, reklamerer Sandven som legg til at meir info om treningstidene finns på heimesida til klubben.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.