Fekk 100.000 kvar
Osøren Blues & Jazzfestival og Skultursymposiumet fekk 100.000 kvar i formannskapet tysdag. Men det var inventar som skapte diskusjon.

Formannskapet har for 2011 ein tilleggsløyvingspost på 1,4 millionar kroner for å ta hand om ymse tiltak og søknader som kjem inn i løpet av året.
I møtet tysdag behandla politikerane dei første løyvingane for 2011.
Både Osøren Blues & Jazzfestival og Os Internasjonale Skultursymposium fekk, nær sagt tradisjonen tro, tildelt midlar. Dei to arrangementa fekk 100.000 kroner kvar i tråd med innstillinga frå administrasjonen.
I driftsbudsjettet?
Dette fekk Espen Aspenes (Frp) til å stilla spørsmålstegn om ikkje desse midlane burde ligge i det ordinære driftsbudsjettet under kultureininga i staden for som ei tilleggsløyving.
- Vi veit jo at det kjem søknadar kvart år, så då kunne det like gjerne vore budsjettert med i utgangspunktet, påpeika Aspenes.
Marie Bruarøy (H) var redd for å binda opp midlar i budsjetta.
- Om økonomien vår skrantar mykje vil det vera dumt å binda oss, hevda ho.
Aspenes fekk støtte frå Jostein Bondevik (Krf) og Eirik Neverdal (TvS) som syntes det kunne vera ein god idé å få midlane planmessig i budsjettet. Bondevik påpeika at dei ikkje måtte øyremerkast desse to arrangementa særskilt.
- Forhåpenlegvis vil Oseana generera auka aktivitet, så det kan vera andre arrangement i framtida som vil trenge støtta like mykje, hevda Bondevik.
Norvald Skåtøy (Ap) var langt på veg einige med dei alle.
- Det er viktig å signalisera at vi har ei ramme med kulturmidlar til denne type arrangement, sa Skåtøy, samstundes som han delte Bruarøy si bekymring for å binda seg.
Inventar til kommunestyresal eller skule?
Ei av dei andre postane i forslaget frå administrasjonen var å bevilge 220.000 kroner til inventar til kommunestyresalen.
Ønsket frå administrasjonen si side var å investera midlane i nye stolar, bord med straumuttak og lerret i møtesalen i samband med opprustinga som er gjort på rådhuset. Formannskapsmedlemmane, med unntak av TvS og KrF, hadde tidlegare gitt klarsignal til dette per e-post.
Eirik Neverdal (TvS) ser behova for oppgradert utstyr i kommunestyresalen, men meinte at det var feil å bruke midlane der og fremma i staden forslag om at dei skulle brukast til inventar i skulen.
Stemte mot eige parti
Dette fekk han tilslutning til frå Norvald Skåtøy (Ap), sjølv om Arbeiderpartiet på e-post hadde gått inn for løyvinga.
- Eg føler det gir feil signal å bevilge oss sjølv 220.000 kroner til nye pultar når vi veit at endel inventar i skulen er minst like gamle som det 20 år gamle utstyret i kommunestyresalen, hevda Skåtøy.
Terje Søviknes stadfesta at det kun var TvS og Krf som gjekk mot investeringa i e-postutvekslinga og kunne vera einig i at det ville vera spesielt om salen berre skulle nyttast av 35 kommunestyrerepresentantar seks gonger i året.
- Men vi må ikkje gløyme at dette er eit stort og viktig møterom som også dei ute i einingane nyttar til møter og samlingar, påpeika ordføraren.
- Investeringa er like mykje for resten av organisasjonen sin del, hevda han.
Det nye inventaret blei vedteken mot Ap, TvS og Krf sine stemmer.
I tillegg vedtok formannskapet å bruke 200.000 kroner til bevertning av 600 inviterte gjestar i samband med opninga av Oseana (mot TvS og KrF sine stemmer som meinte det burde gå av byggerekneskapen).
Det blei og vedteken 75.000 kroner til å dekka barnetalsmannen i Plan og bygningsutvalet og 200.000 kroner til forvaltningsrevisjon 2011. Desse blei einstemmig vedteken.