Fekk 2. plass på heimebane
Karoline Breivik kjører stødig i vestlandsmeisterskapen. No håper ho å halda 2. plassen også i noregscupen i rallycross.
I helga kjørte Karoline Breivik inn til 2. plass på Eikås.
– Eg fekk éi førstetid og to andretider i heata. I A-finalen blei det 3. spor, men eg låg som nummer to heile vegen til mål, fortel Karoline.
Ho kjørte med reservebilen, peugeoten, i klassen inntil 2000 ccm. Karoline leiar vestlandsmeisterskapen to veker før siste runde, som går i Vikedal.
Kan ta 2. plass
Komande helg kjører Karoline siste NM/NC-runde på Momarken. I førre runde hamna ho i B-finalen, som ho vann, for så å kjøra seg opp frå 6. spor til 3. plass før ho fekk ein bil på innsida som snurra.
– Eg fekk litt problem med motoren, utan morfar (Håvard Gåssand) så hadde eg måtte bryta etter første omgang.
– No håper eg at toyotaen er oppe og går igjen til helga, så klarer eg kanskje å berga 2. plassen også i noregscupen/NM.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.