Kultur | 09. juli 2012

Fekk 20.000 kroner

– Alt går til festivalen, seier William Lindborg, som saman med broren Andreas mottok Os og Fusaposten sin kulturpris for 2011.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. juli 2012 06:30

Torsdag, dagen før starten på årets Søfteland Rock N LOL, blei brørne Andreas og William Lindborg tildelt Os og Fusaposten sin kulturpris.

Lokalavisa fekk ikkje møta dei på Peppes som planlagt, journalistane Jostein Halland og Kenneth Svenningsen måtte fint møta på festivalområdet på Sanden på Søfteland i dei hektiske timane i innspurten.

Karikratur og cash

– Andreas er i Bergen og hentar noko utstyr, han rekk dessverre ikkje opp her, sa William, som tok seg ein kort pause i arbeidet for å ta imot prisen, blomar og ei karikraturteikning av seg og broren, teikna av Morten Holmefjord.

Prisen er på 10.000 kroner til kvar av brørne.

– Dette var morosamt, tusen takk! sa William.

– Pengane går til festivalen

– Vi har fått ein del merksemd det siste året og det set vi stor pris på, la han til.

William og Andreas fekk i fjor Os Mållag sin målpris og Søfteland Rock N LOL har av Bergens Tidende blitt kåra til Bergens Beste festival.

I vår plasserte NRK Lydverket Rock N LOL på lista over dei ti finaste festivalane i Noreg sommaren 2012.

– Pengane vi får av Os & Fusaposten går rett til festivalen. Vi har bestilt nokre bannarar som skal henga på scenen, til god rabatt, men no kan vi betala resten med pengane frå prisen, sa William.

Os & Fusaposten si grunngjeving:

Brørne William og Andreas Lindborg får prisen for det engasjementet og den interessa dei har skapt ved å ha laga ein fullt ut levedyktig rockefestival på Søfteland (...) William og Andreas har verkeleg sett bygda si på kartet. Dei har bidrege til samhald og identitetskjensle for sambygdingane. Festival-gutane er idealistar. Ønsket om å presentera god underhalding har heile vegen vore sterkare enn ønsket om god inntening. Med slike gde intensjonar er det berre å håpa at gutane får feira mange fleire jubileum i tida framover.

VIDEO: Sjå William motta prisen og karikraturteikninga av seg sjølv og broren Andreas. Kenneth Svenningsen frå Os og Fusaposten er prisutdelar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.