Lokal | 24. feb. 2017

Fekk 25 cm nysnø før vinterferien

Trass varm vinter har Eikedalen håp om at sesongen samla sett blir bra.

Fekk 25 cm nysnø før vinterferien
Sånn såg det ut i Eikedalen torsdag. I helga er det venta meir snø, i vinterferien er det venta sol igjen. (Foto: Eikedalen Skisenter)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. feb. 2017 07:49

Oppturane har vore korte i fjellheimen denne vinteren. Nye lass med snø har dalt, men fort regna vekk igjen.

– Vi har halde stengt nokre helger, og det har vore dagar med redusert mengde heisar opne, men januar blei ikkje så verst. Det er ikkje heilt krise, seier Fredrik Tønjum frå Eikedalen Skisenter.

No kan nysnø, og meldingar om både meir snø og sol, vera med på å gje sesongen eit godt løft.

Stolheisen kan bli klar i ferien

«Det har kommet en god del snø i høyden, men vinden har flyttet litt på snøen. Vi begynner nå å kjøre snø inn fra sidene, og håper på et nytt snøfall i løpet helgen» skreiv Tønjum på Eikedalen.no i går.

Til i dag var det meldt sol og kuldegradar i Eikedalen, laurdag ettermiddag, søndag morgon og heile måndag er det venta nedbør og temperaturar frå 3 minus til 2 pluss.

– Om nedbøren som kjem i helga og måndag landar som snø så ligg vi veldig bra an. Sjansen er stor for at dei to siste heisane, Stolheisen og Fjellheisen, opnar tysdag.

Tysdag er det venta opphaldsvêr, onsdag og torsdag skal det vera lettskya.

• Les òg: Påske + vinterferie = ein god idé?

– I fjor, då vinterferien var slått saman med påske, og vi i tillegg hadde dårleg vêr, var det nærmast folketomt i to veker. Med den vinterferien vi no ligg an til å få kan 2017-sesongen få seg eit kraftig løft, seier Tønjum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.